Stort engasjement for å redde båt
— Eg synest det er utruleg trist å miste denne båten. Han er viktig for meg og heile bygda, seier Aslaug Johanne Risøy.
Politiske vedtak på fylkesnivå i Vestland og Rogaland gjer at det ligg an til at det berre er nokre veker til snøggbåten til Bergen og Sunnhordland sluttar å vere innom Ølen, så vel som Utbjoa. Vestland sitt kollektivselskap Skyss driv sambandet, men Rogaland har betalt for at båten skal stoppe i fylket.
På nettsida si skriv Skyss at det frå 1. juli blir ruteendringar på Sunnhordlandsruta. Blant anna står det at Ølen og Utbjoa ikkje lenger blir trafikkerte, og at reisande frå desse områda må vurdere alternative reiseruter. Næraste moglegheit blir kaien i Skånevik, som ifølgje Google Maps ligg 43 minutt med køyring unna Ølen hurtigbåtkai og ein time og fire minutt unna kaien på Utbjoa.
Risøy skreiv nyleg eit lesarinnlegg om båten:
Overvelda av respons
Etter å ha budd der tidlegare, har Risøy sterke band til Bergen. Ho synest det er ein fantastisk by som det har vore lett å kome seg til. Utan båten blir det både vanskelegare og langt mindre praktisk å gjere. Med tre unge barn blir både timevis på buss og i bil eit stort steg ned i komfort, frå å kunne rulle barnevogna om bord i ein båt med gode og romslege fasilitetar, så vel som båtpersonell ho likar godt.
Onsdag morgon starta ho eit digitalt innbyggjarinitiativ for å behalde båten. Spurt om kvifor, svarar Risøy at ho vil gjere det ho kan for å behalde båten, og ho har snakka med politikarar. Ein politikar fortalde ho at det trengst 500 underskrifter for å få saka si behandla politisk i fylket. Då ho snakka med Grannar på telefon cirka to timar etter opprettinga, hadde 117 personar signert. På kaien to timar seinare var det nesten 300.
— Eg er overvelda og takknemleg for alle som delar, fortel Risøy.
Klokka 19.30 blei målet om 500 signaturar nådd. Sidan dette er eit offisielt innbyggjarinitiativ retta mot Rogaland fylkeskommune, må alle som signerer ha postadresse i fylket. Risøy har vore i kontakt med folk i Vestland fylke, med sikte på at det skal komme eit vellukka innbyggjarinitiativ der òg. Onsdag kveld blei det starta eit der også.
Tiår med lett reiseveg
Ei anna av dei som engasjerer seg for å behalde snøggbåttilbodet mellom Bergen og Vindafjord, er Elin Tvedt. I 1996 begynte ho å jobbe i Bergen for første gong. Gjennom jobb i mellom anna TV 2 har arbeidsplassen hennar lege der i mange av åra sidan, også i jobben ho har i kurs- og kompetansesenteret SpeakLab AS i dag.
— Det å kunne stå opp i Ølen, gå om bord i båten, jobbe på båten og så gå i land i Bergen er viktig. Båten er viktig for mange, seier Tvedt.
Ein del av arbeidet hennar gjer ho på heimekontor i Ølen, men Ølensambandet betyr likevel svært mykje for Tvedt. Ho meiner at snøggbåten ikkje berre betyr noko økonomisk, men også noko for tilhøyrsla mellom Ølen og Bergen. På ein dag kan ho potensielt få jobba seks timar på snøggbåten til og frå hovudkontoret til SpeakLab, med bord og andre komfortable fasilitetar tilgjengelege – noko som blir umogleg dersom ho må køyre bil.
— Eg synest ingenting om at dei skal ta båten frå oss, seier Tvedt.
Kritiske til prosessen
Frå tidlegare rundar med forslag om å leggje ned Ølensambandet, minnast Tvedt at det blei lova å betre busstilbodet som ein kompensasjon. Denne gongen har ho ikkje sett noko til kompensasjonar for kutta som råkar lokalbefolkninga i Vindafjord.
— Dette er ikkje bra for Ølen som knutepunkt, og gjer oss meir til ein utkant, seier ho.
Tvedt fortel at ho har kjempa mot nedlegginga sidan februar i ulike kanalar. Mellom anna har ho vore i kontakt med ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), som forsikra ho om at alle i Vindafjord ønskjer å behalde båten.
Frå politisk hald blei det sendt eit høyringsinnspel mot nedleggingane under budsjettprosessen i Rogaland, medan einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning og rådgivar Anna Sofie Sandvik skreiv ein uttale om nedlegging av Ølensambandet på vegner av Vindafjord kommune til Vestland fylkeskommune sitt hovudutval for samferdsel og mobilitet 28. mars. Vestbø og Sandvik var kritiske til prosessen og bad både Rogaland og Vestland fylkeskommune vurdere saka på nytt.