25-24-Kommunestyre V 21

Energi

Vil få kunnskap om vindkraft

Jan Idar Haugen (Sp) meiner at Vindafjord kommune må tørre å utforske vindkraft og andre måtar å få inntekter på i framtida.

Publisert Sist oppdatert

— Som kommunestyre er me så livredde for å gjera feil at me ikkje ein gong kan sjå på ein vindpark i Vindafjord. Me vågar ikkje ein gong å ha ei utgreiing, fordi det er så skummelt, sa Jan Idar Haugen (Sp) under kommunestyremøtet tysdag.

Utspelet kom i ein debatt om perspektivmeldinga for budsjettåret 2026 og økonomiplan 2026–2029.

Sjukeheim for pengane?

Trass gode økonomiske resultat dei siste åra, er økonomien til Vindafjord kommune under press av demografiutvikling og at inntektssystemet for kommunane vert lagt om frå 2025, med større utjamning av skatteinntektene. Dette slår negativt ut for Vindafjord, som har hatt høge skatteinntekter.

2024 var siste året før omlegginga av skatteinntektene til kommunane, der mellom anna kommunane sin del av formueskatten blir halvert og utbytte blir teke vekk. Desse komponentane har særleg vore medverkande til høg skatteinngang for Vindafjord kommune dei siste åra. Etter omlegginga er det venta at skatteinngangen i Vindafjord vil bli nærare landsgjennomsnittet. Vindafjord gjekk med 61,1 millionar kroner i overskot i 2024.

I tillegg til endra skatteinntekter har kommunen stort behov for investeringar. Ein rapport frå Multiconsult i oktober 2024 viste at barnehagar, skular og gymsalar treng vedlikehald for nesten 146 millionar kroner dei neste ti åra. Kommunestyret har sidan vedteke å leggje ned skulen på Bjoa og både skule og barnehage i Imsland.

Vindafjord kommune held for tida også på med eit prosjekt med ny helse- og omsorgsplan, som skal ruste tenestene og avgrense kostnadene. Det er planar om å gå ned til ein sjukeheim i kommunen, potensielt ved å byggje ein heilt ny sjukeheim.

— Eg skulle gjerne visst kva eit vindkraftverk i Vindafjord av ein viss storleik kan bidra med i kommuneøkonomien. Kan me finansiere ein sjukeheim, for eksempel, med det? spurde Haugen i kommunestyret.

— Skremmer folk vekk

Haugen sa at det kan hende det er heilt andre moglege inntekter som burde vore diskuterte, men at det var vindkraft som var mest konkret no. Han understreka at han ikkje tek stilling for eller imot konkrete vindkraftprosjekt, men ønskjer at kommunen tør å få meir kunnskap og utrede både fordelar og ulemper.

Mats Årvik (Frp) var den einaste som svarte på innlegget til Haugen i møtet. Han viste til at perspektivmeldinga seier at Vindafjord kommune vil gå tom for folk til å gjere dei nødvendige tenestene.

— Å skremme folk vekk med vindmøller, det trur eg er ein dårleg idé, sa Årvik.

Etter møtet svara Haugen at det kjem an på korleis ein byggjer ut ein eventuell vindpark. Han meiner ei konsekvensutgreiing vil gi svar på viktige spørsmål om blant anna utsjånad, lyd og bustadprisar, så vel som moglege positive ringverknadar.

Mats Årvik (Frp) er mot vindkraft i Vindafjord.

Prosess før prosessen

Etter møtet utdjupar Haugen kvifor han tok opp temaet. Haugen viser til at dei treng inntekter til kommunen for å finansiere dei fellesgodene kommunen skal tilby. Han trur ikkje at kommunen har råd til å ikkje gjere slike vurderingar.

— Me ser kor vanskeleg det er å finne små kostnadskutt, så me må vere villige til å sjå på det i alle fall, seier Sp-politikaren.

Han opplever at prinsipielle standpunkt og usikkerhet gjer at kommunestyret ikkje søkjer kunnskap om temaet. Spesielt reagerer han på frykten for å gi grønt lys til konsekvensutgreiingar.

— Det er eigentleg ein prosess før prosessen, seier han.

I desember 2024 trekte Eviny ein søknad om å byggje eit vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold. Same månad fekk styret i Døldarheia grunneigarlag fullmakt til å gå i dialog med potensielle utbyggjarar om vindkraftprosjekt på fjellet mellom Vats og dalføret mellom Sandeid og Ølen. Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei som har vist interesse.

Effektivitet og inntekter

Dersom dei ikkje klarer å kutte drastisk i kostnadar, trur Haugen at Vindafjord er avhengig av å skaffe nye inntekter for å kunne gjere dei nødvendige investeringane dei neste 5–10 åra. Han meiner at ein både må sjå på meir effektiv drift og nye inntekter i framtida.

Vidare peikar han på at nabokommunar som Etne, Sauda og Suldal har store kraftinntekter, og Tysvær får eigedomsskatt frå Kårstø prosessanlegget, medan Vindafjord står litt ribba tilbake etter omlegginga av inntektssystemet frå skatt.

— Eg trur det kan vere store inntekter å hente for kommuneøkonomien, men me får ikkje høve til å sjå det viss me ikkje er villige til å få kunnskap, seier Haugen.

Avslutningsvis poengterer han at utspelet i kommunestyret var motivert ut frå ei perspektivmelding som har fokus på endring og kostnader, men som også har fokus på å sette mål og tenkje langsiktig.

Powered by Labrador CMS