Energi
Vil vite meir om korleis folk blir råka
— Eg saknar illustrasjonar frå båtperspektivet og samla konsekvensar for nærmiljøet, sa Monica Nesheim (Sp) i formannskapsmøtet tysdag.
Etter to rundar med gruppemøte la ho fram forslag til eit tilleggspunkt til vedtaket om å sende AF Offshore Decom sitt planforslag på høyring. Det lyder:
Tiltakshavar skal til folkemøte i tillegg utarbeide desse punkta:
- Fleire illustrasjonar som viser korleis drifta vil ta seg ut frå fleire punkt.
- Eit samandrag av korleis konsekvensane kan bli for samfunnet rundt – både i utbyggingsfasen og i full drift: folkehelse, bumiljø, tilkomst, arbeidsplassar med meir.»
Punktet blei samrøystes vedteke.
Store planar
AF Offshore Decom AS etablerte seg på Raunes industriområde i Vatsfjorden i 2004, og anlegget AF Miljøbase Vats vart ferdigstilt i 2009. No ønskjer dei å utvida operasjonane sine i Vats og gjennom reguleringsplanen sikra areal for produksjon og lagring av fundament til havvindturbinar, samt til montering og mellomlagring av ferdige vindturbinar i Vats- og Yrkefjorden før dei vert slepte ut til Nordsjøen.
Dette medfører behov for utviding av areal for verksemd både på land på Raunes og i sjøområda i Vats- og Yrkefjorden. I tillegg skal planen leggja til rette for auka aktivitet innanfor allereie regulert areal, og leggja til rette for vidareføring av eksisterande industriverksemd på området.
Planen omfattar berre den delen av Yrkefjorden som ligg i Vindafjord kommune. Tysvær har sagt nei til å bruka sin del av fjorden, sist i kommunestyret 20. mai.
Før møtet fekk formannskapet bli med på synfaring på miljøbasen. Commercial manager Olav Ubøe i AF Offshore Decom fortalde om dagens drift der hovudverksemda er knytt til demontering og gjenvinning av petroleumsinstallasjonar, samt seksjonering av installasjonar i sjø, og havvindplanane.
— Vats har ei unik djupne, forklarte Ubøe.
Med ei eventuell havvindsatsing vil dei gjere tiltak som omfattande sprenging og bygging. Ubøe fortalde at det dei byggjer permanent er på Raunes, medan det som kjem i sjø vil vere mellombels, med variasjon mellom veker og månadar.
Båtar skal sleppe fram
Politikarane fekk stilla spørsmål på synfaring. Ubøe understreka at dei vil informera naboar undervegs, og at fjorden aldri vil bli heilt stengd for andre båtar. Mats Årvik (Frp) spurde om utvidinga berre er for havvind. Ubøe bekrefta det, og sa dei ikkje investerer utan kontraktar. Havvind og opphogging skal haldast kvar for seg.
Monica Nesheim (Sp) var oppteken av å framheva kor viktig det er korleis prosjektet vil opplevast for innbyggjarar i drift, og etterlyste illustrasjonar frå båtperspektivet. Einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvalting i Vindafjord kommune fortalde at det er lagt opp til folkemøte. Ubøe sa at eit folkemøte kanskje kan komme i august.
I mars 2024 var det eit folkemøte om planane i Skjold Arena. Monica Nesheim tok til orde for at kommande møte bør vere i Vats, gjerne i Vindafjordhallen etter opning.
— Overvekt av negative konsekvensar
Det er gjort konsekvensutgreiingar for dei temaa som går fram av planprogrammet som blei vedteke i formannskapet 11. juni 2024. Nullalternativet, eller referansesituasjonen for utgreiingsarbeidet, er miljøbasen med dagens utforming og drift. Dette gjeld både areal på land og i sjø.
— Det er overvekt av negative konsekvensar av planforslaget, spesielt når ein legg til grunn bruk av sjøareala til våtlagring, skreiv kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i saksutgreiinga.
Han viser til at planane for terrestrisk og marint naturmangfald, landskap, kulturmiljø og fiskeri er vurderte til å ha middels negativ konsekvens», for friluftsliv, støy og luftforureining noko negativ konsekvens», og for vassmiljø og forureina grunn ubetydeleg konsekvens». Utan våtlagring vil konsekvensane bli mindre for fleire tema, men for dei fleste tema vil konsekvensane framleis vere negative. Det er foreslått avbøtande tiltak som skal bidra til å minske konsekvensane.
Kommunedirektøren skriv også at det allereie er betydeleg industriell aktivitet på Raunes, området er forankra som industriområde i regionale og kommunale planar, og planen vil leggja til rette for ei utviding som bidreg til å oppnå nasjonale og regionale mål om grøn industriutvikling.
Han vurderte at konsekvensutgreiingane og vurderingane som er gjorde er dekkjande for dei temaa og forholda som går fram av planprogrammet, og innstilte på å sende planen på høyring.
Vanskeleg balanse
Debatten i formannskapet var prega av at politikarane ser dette som ei utfordrande sak. Fleire innlegg løfta opp balansegangen mellom moglege positive ringverknader for næringslivet opp mot potensielle ulemper for folk og natur lokalt.
Øyvind Valen (Ap) drog parallellar til Windafjord Port sine planar på Dommersnes i Vikebygd. Han omtalte det som svære nasjonale saker som kan få store konsekvensar for bygdene der tiltaka blir gjennomførte.
— Då skuldar me bygdene å få skikkeleg informasjon i høyringsfasen, sa Valen.