Klimavennlege byggjemateriale, ombruk av bygg og elektriske maskiner er blant dei 99 prosjekta som får Klimasats-støtte i 2025. Andre kommunar og fylkeskommunar skal kutte utslepp frå langtransport og flytting av steinmassar i anleggsprosjekt. Éin kommune byter ut den dieseldrivne krematorieomnen sin med ei elektrisk utgåve.
– Gjennom Klimasats legg regjeringa til rette for at kommunane kan kutte klimagassutslepp og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Eg vil rose alle som nyttar ordninga til å gå føre i klimaarbeidet og finne gode løysingar for å få ned utsleppa, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.
I 2025 vart det sett av 108 millionar kroner til ordninga. Rundt 8 millionar vart fordelte tidlegare i vinter, samtidig som Miljødirektoratet lyste ut 100 millionar kroner til. Innan søknadsfristen 1. april hadde dei fått inn 185 søknader for totalt 254 millionar kroner.
Det er kommunar i Trøndelag, Oslo, Akershus, Vestland og Buskerud som har fått størst utteljing i denne tildelingsrunden. Samla er det 45 kommunar og fylkeskommunar som får tilsegn om støtte i denne runden.
På nettsidene til Miljødirektoratet kan du sjå alle prosjekta som har fått Klimasats-støtte i 2025.
(©NPK)