Direktoratet for høgare utdanning og forsking (HK-dir) melder om rekordstor interesse for å søke midlar gjennom utvekslingsordninga Erasmus+, ifølgje nettsidene
deira.
Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Midlane skal går til både høgare utdanning, fag- og yrkesopplæring og grunnopplæring.
Totalt har institusjonar for høgare utdanning i Noreg søkt om stipendmidlar til 7429 studentar og 1911 tilsette. Dette svarar til ein auke på 11 prosent i forhold til fjoråret.
NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo får tildelt flest midlar.
Også i grunnopplæringa er interessa for å søke om midlar stor. 22 millionar euro går til institusjonar innan grunnopplæring. Det er 6 millionar euro meir enn i fjor, men ligg framleis mykje lågare enn den etterspurde summen i søknadane frå denne sektoren.
(©NPK)