På biletet til venstre viser Lars Frode Leknes biletet av senior- og juniorvinnarane i NM i 1980. Dama nede til venstre er legendariske Grethe Waitz. På biletet til høgre er det like før Leknes (t.v.) avgjer Holmenkollstafetten til fordel for IL Gular.
FOTO: NILS TOKHEIM
Ein noregsmeister trer av
Lars Frode Leknes (63) på Hamre i Ølen er ikkje den som ropar høgt, men han har sprunge langt og fort. Ikkje alle veit at han er noregsmeister både på bane og i terreng. Heller ikkje at han har vore på friidrettslandslaget, og at han har vore med på å vinna Holmenkollstafetten tre gonger.
Leknes snakkar heller om familielivet, barn, barnebarn og kva han skal få ut av pensjonisttilværet frå 1. august.
— Dei to barna våre har slått seg ned i Vats og Tønsberg, og no skal det bli endå meir tid til dei, seier han.
Rett nok freistar han saman med kona Nina året gjennom å dra austover kvar femte eller sjette veke, men no skal det bli enklare å setja av meir tid med dei to barnebarna på Austlandet.