2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Tonje Ohm Hatteland frå Nedre Vats (10) til venstre, og tremenningen Olava Salte Hatteland (9) frå Stavanger, syntes bassenget var kjempefint og kunne godt ha tenkt å bada allereie no.
Visning av Vindafjordhallen
Styremedlemer i Vindafjordhallen, Øyvind Nordtveit (t.v.) og Martin Gjerde, framføre det vesle sjølvebeteningskjøkenet for småmøter og mindre forsamlingar.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Sofie Landa (t.v.) og Frida Eike er to tjueåringar som no forlèt Vats for å studera, men dei er glade for den flotte møteplassen den vidstrakne heimbygda deira har fått.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Harald Selsaas (t.v.) viste det moderne flisfyringsanlegget som er starta opp og fungerer bra. Her i samtale med Johannes Torstveit.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Frå utsida er det eit stort, men ikkje så ruvande bygg. Det er når ein er inne i bygget at ein skjønar storleiken betre.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Ein kjem inn i ein yttergang kor ein anten går til venstre i hallen, eller til høgre i bygdehuset. I bygdehuset er det ein romsleg og fin kafe/ foajé knytt til to ulike kjøken.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Eivind Sørhus er utflytta vatsbu først til Bergen, og no Stavanger. Musikaren likte god løysingane med den medvitne bruken av materialar og byggjeteknikk for å få god akustikk i storsalen.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Einar N. Bakke sit i rullestol. Han var nøgd med den universelle utforminga for rullestokbrukarar, rett nok før han hadde vore i svømmehallen.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Isak Andreas Lærdal Viland (t.v) og Jakob Ohm Hatteland på stupetårnet. Dei to tolvåringane gleda seg til å få bada i bassenget i hjembygda.
Visning av Vindafjordhallen
Symjehallen er imponerande.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Her er det vesle bassenget som kan bli brukt i ulike funksjonar.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Kjøkenet i bygdehuset er stort og funksjonelt med to store serveringsdiskar.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Kafe eller foajé, fint og funksjonelt er det.
Visning av Vindafjordhallen.
Martin Gjerde var ein av dei som viste rundt. Her står han i døropninga. Han er med i interimstyret, og blir med vidare i det nye permanente styret.
2025 - 27 Visning av Vindafjordhallen
Janne Urdal Aursland er leiar i styret, men går av når det permanent styret tek over etter opninga i august.

Bildeserie

Første syning gav hakeslepp

Det var fleire hundre menneske som søndag nytta høvet til for første gong å koma inn i Vindafjordhallen. Den offisielle opninga er seint i august. Alt det vonde verka gløymt, og det var berre godord å høyra om løysingar, materialvalg, interiør, fargeval med meir.

Publisert Sist oppdatert

Interimsyret med Janne Urdal Aursland i spissen, har jobba fram løysingar, sponsormidlar og i det heile har halde tak i prosjektet saman med prosjektleiar. Dei gjekk rundt i bygget med ein hale interesserte, ofte litt mållause folk etter seg.

Symjehallen i seg sjølv ser ut til å vera ei perle av sitt slag. I symjehallen kjem ljoset inn frå begge sider frå store vindauga som dekkjer begge kortsidene av bygget. Ein kan verkeleg symja og sjå på naturen på same tid.

Symjehallen er imponerande.

Vassklia som er sponsa av Hatteland-konsernet var i fokus for dei fleste av dei mange ungane som var der, men óg det vesle bassenget som har ein kan tilpassa etter behov for til dømes småborn eller folk med fysiske avgrensingar

Tiltalande garderobeanlegg og ei badstove inne i sjølve bassengområdet, var òg blant mange ting folk la merke til.

Bygdahuset

Likevel var det bygdahuset som kanskje hadde vel så mykje fokus denne dagen. På denne førehandvisinga var det først og fremst folk frå Vats som var målgruppa, og då var det naturleg at det som nå skal vera storstova i bygda kom i fokus.

Det blir svært godt for ei langstrukken bygd å få ein sentral plass att, som er endå mykje betre og meir funksjonell enn den me hadde, sa dei to tjue år gamle venninnene Frida Eike og Sofie Landa, som begge forlèt bygda til hausten for å studera.

— Me er likevel så knytte til bygda, at me gler oss til å ha denne plassen når me er heime att på 17. mai og andre store dagar, seier Frida Eike.

Sofie Landa (t.v.) og Frida Eike er to tjueåringar som no forlèt Vats for å studera, men dei er glade for den flotte møteplassen den vidstrakne heimbygda deira har fått.

Elles var det litt framand for dei to då journalisten spurte om dei var frå Øvre eller Nedre Vats.

— Me er frå Vats, seier Sofie Landa.

Slike fine grunnhaldningar kan den nye Vindafjordhallen og Arken tuleg bidra positivt til i åra framover.

Storsalen

Salen har ei mobil scene som kan vera stor, liten, høg og låg. Blir han tatt heilt bort er det plass til 300 gjestar rundt festborda. Er det ein konsert, vil det vera plass til 400 sitjande menneske litt etter kor stor scena treng å vera.

Storsalen kan bli delt av ei lydisolert skyvedør, som gjer at det kan vera to selskap på same tid.

— Høyr kor lite gjenklang det er i rommet, seier styreleiar Janne Urdal Aursland, når ho stemmer i ein tone som det ikkje er snev av ekko etter.

Eivind Sørhus er utflytta vatsbu først til Bergen. no Stavanger. Musikaren likte god løysingane i den medvitne bruken av materialar og byggeteknikk for å få god akustikk i storsalen.

Ho fortel om svært medvitent val av materialer av omsyn til akustikk. Kjøkenet er stort, ope og moderne. Ein fin detalj er at for mindre forsamlingar treng ein ikkje å bruka storkjøkenet. I den delen innanfor inngangsdøra som ein kan kalla ein foajé eller kafe, er det eit lite kjøken kor brukaren av rommet kan stella til lettare mat sjølve.

— Før eg har vore i svømmehallen, verkar det som at huset har gjennomtenkte universelle løysingar, seier amerikanaren med norsk namn og knyting, Einar N. Bakke, frå rullestolen sin.

Bardisken er vendt begge vegar, inn mot foajeen og inn mot storsalen. Materialvalet på golvet i storsalen er tynne parkettdelar som står tett i tett. Vakkert er det, og så må ein håpa det toler tidas tann.

Ute

Frå utsida var omkvedet at det bygget er flott. Kor vakkert eit bygg med to store firkanta delar kan bli, vil vera diskutabelt, men den nedseinka delen i midten bind dei to delane fint saman. Dessutan ser fargar og materialval ut til å stå godt til kvarandre.

Frå utsida er det eit stort, men ikkje så ruvande bygg. Det er når ein er inne i bygget at ein skjønar storleiken betre.

Det er allereie asfalt, oppmalte parkeringsplasar og plantar i rabattane utanfor. I det heile står bygget godt arkitektonisk til bedehuset Arken som jo er nesten like nytt som Vindafjordhallen.

Ein detalj som truleg ikkje var så tydeleg i den gamle Vindafjordhallen, er at området er tett knytt til Hatteland Stadion og klubbhuset til SK Vats. Så det er verkeleg ei flott klynge Vats har fått i stadionanlegget, svømmehallen, bygdahuset, bedehuset, kyrkja og skulen.

Flisfyringsanlegget er òg ein viktig del av den nye hallen. Harald Selsaas viste anlegget, og her er det tidsmessig moderne teknologi og løysingar.

Janne Urdal Aursland, som i yrkeslivet er underdirektør i Sjøfartsdirektoratet i Haugesund, er no på slutten av tida som styreleiar for Vindafjordhallen. I dag var ho på sjarmøretappa, men det er to år sidan ha gav ho beskjed om at når prosjektet er ferdig er det slutt for henne.

— Eg er nok best på dei tinga me har vore gjennom til no, seier Aursland.

No som interimstyret går over til eit vanleg styre etter den offisielle opninga i august, blir Dan Strand Jensen ny styreleiar. Helikopterpilot Jensen tar altså no snart bokstavleg talt over spakane.

Janne Urdal Aursland er leiar i styret, men går av når det permanent styret tek over etter opninga i august.
Powered by Labrador CMS