Pukkellaks må ikkje liggje i graset dersom han skal etast seinare. Foto: Henrik H. Berntsen / NINA / NTB / NPK
Pukkellaks må ikkje liggje i graset dersom han skal etast seinare. Foto: Henrik H. Berntsen / NINA / NTB / NPK

Pukkellaks kan etast, men då er hygiene i forkant svært viktig

Mattilsynet ønskjer at den uønskte arten pukkellaks i større grad skal nyttast som mat. Men då må det bli strengare krav til handtering.

– Det er viktig at ein tenker hygiene frå start til slutt. Det må vere gode rutinar for personleg hygiene, reint tøy, reine hanskar, reine knivar, seier Kristin Klingenberg, førsteinspektør hos Mattilsynet, til NRK.

I fleire år har frivillige stått på for å fjerne pukkellaksen frå elvane i Nord-Noreg. I 2023 blei det teke ut nesten 250.000 individ. Fleire fiskemottak skal i år ta imot pukkellaksen som blir fanga i elvane i Nord-Noreg.

– At pukkellaksen blir kjølt ned raskt etter fangst er viktig for å sikre matsikkerheita, seier Kristin Klingenberg.

Mattilsynet har sett fleire bilete av at pukkellaksen ligg på skitne overflater, som gras, ubehandla tre og i skitne behaldarar. Det er ikkje godt nok. Det kan vere potensiell smittefare av for eksempel listeria.

(©NPK)