Førre veke vart det oppdaga falske QR-kodar på parkeringsautomatar i Kristiansand. Over 20 falske klistremerke vart fjerna av parkeringsvakter.
Datatilsynet ber no folk vere kritiske og sjekke adressa som dukkar opp før ein trykkjer på lenker frå QR-kodar.
Utbreidd bruk av QR -kodar har blitt ein del av kvardagen vår. Datatilsynet ber folk bruke ein enkel metode for å sjekke om ein QR-kode er ekte eller falske.
– På same måte som ein får e-postar med ukjente og skumle lenker. Når du skannar ein QR-kode på telefonen kan du sjå adressa som dukkar opp før du trykkjer på den. Det anbefaler vi at du gjer, seier spesialrådgjevar i Datatilsynet, Eirik Gulbrandsen, til NRK.
– Vi ser ikkje på dette som noko stort problem, og har ikkje fått indikasjonar på at dette har eit stort volum. Men vi oppfordrar jo alle til å vere ekstra merksame når ein skannar kodar og følgjer litt med på kor adressa leier, seier Gulbrandsen.
(©NPK)