Sparebankstiftinga i Etne: F.v: dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad, leiar i generalforsamlinga Asbjørn Moe. Foto: Grethe Hopland Ravn
Sparebankstiftinga i Etne: F.v: dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad, leiar i generalforsamlinga Asbjørn Moe.

Skakke-saka

Heitt folkemøte på Skakke: – Stiftinga får stryk

Då Sparebankstiftinga Etne inviterte til ope møte rundt Skakke-saka måndag kveld, fekk dei massiv kritikk frå salen. Berre eit fåtal støtta framlegget dei kallar alternativ 2» om oppkjøp av idrettshallen.

Publisert Sist oppdatert

Møtet som blei leia av dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad og leiar for generalforsamlinga Asbjørn Moe, hadde til intensjon å forklara kvifor dei meiner Etne kommune må redusera eigarskapen dersom idrettshallen skal organiserast i eit nytt, ideelt aksjeselskap. Før sjølve debatten tok til, tok dagleg leiar i Sparebankstiftinga, Rune Ramsvik, ordet for å gi ei historisk innramming av Skakke. På storskjerm presenterte han ei tidslinje frå 1979, då det første samfunnshuset blei etablert, via kommunestyrevedtaket i 2009 og ferdigstillinga av huset i 2012, til omdanninga til samvirkeforetak i 2014.

Han minna salen om at Skakke sidan oppstarten hadde vore eit spleiselag mellom lag, foreiningar og kommunen:
— Dette huset har heile tida vore bygd på fellesskap. No ønskjer me å bidra til å trygga framtida for Skakke, men me må finna ein modell som held juridisk, sa Ramsvik.

Han viste òg til dei siste åra, med straum- og renteauke som har pressa økonomien:
– Difor har me spurt oss: Kva skal til for å sikra Skakke dei neste 40 åra?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS