Stenger veg før Fatland-utviding
Prosjektleiar Morten Skeie i Vikedal Mur og Anlegg opplyser at vegen som blir stengd, går frå krysset med Steinbru til krysset med Seljebakken. Som følgje av stenginga blir det omkøyring via Litlehagen.
— Bruk gangveg
Per no anslår Vikedal Mur og Anlegg at vegen kjem til å vere stengd til november.
— Bebuarar i Haugane, Litlehagen og Seljebakken vil merke dette, særleg dei som brukar vegen som skuleveg. Me anbefaler skulebarna å bruke gangvegen frå Steinbru og langs Oselva ned til idrettsplassen, fortel prosjektleiaren.
For lastebilane, som i hovudsak kjem til og frå Fatland sitt slakteri via E134, vil ikkje stenginga ha noko betyding.
Viktig prosjekt
Vikedal Mur og Anlegg har fått oppdraget med grunnarbeid for tilbygg til Fatland Ølen sitt nye produksjonsanlegg. Skeie fortel at dei skal gjere masseutskifting og stå for omlegging av eksisterande infrastruktur, som å leggje nye kablar og røyr i bakken og opparbeide ein kommunal veg.
Det nye produksjonsanlegget som er under bygging i Ølen, er venta ferdig i 2027.
Dei byrja å byggje i juni 2025. Bruttoarealet kjem til å vere 11.750 kvadratmeter, samt 3.200 kvadratmeter teknisk himling.
I juli fortalde styreleiar Svein Fatland i Fatland Gruppen at dette er det største tilbygget dei har bygd til no, og at det vil gje dei høve til å doble produksjonen i alle ledd. Vikedal Mur og Anlegg er svært glade for å få vere med på arbeidet med eit så markant bygg i heimkommunen.
— Dette er eit viktig prosjekt for oss, som me har jobba med lenge. Det vil sysselsetje store delar av staben i eit år, avsluttar Skeie.