Energi
Sterkt framtidsengasjement
Over 150 personar tok turen til det første store folkemøtet i den nye Vindafjordhallen i Vats tysdag. AF Gruppen måtte tole sterk kritikk for både planane sine om framtidig havvindsatsing og dagens opphoggingsverksemd.
— Eg håpar kommunepolitikarane stoppar denne galskapen, sa Asbjørn Nesheim.
Han minte om at bygda har mange gode tilbod, men var lite imponert over det AF og Norconsult la fram. Innlegget fekk applaus frå ein nesten full sal.
Ber om innspel
AF Offshore Decom AS etablerte seg på Raunes i Vatsfjorden i 2004. Fem år seinare stod AF Miljøbase Vats klar. No ønskjer selskapet å utvide drifta. Gjennom ein ny reguleringsplan vil dei sikre seg areal til produksjon og lagring av fundament til havvindturbinar, og til montering og mellomlagring av ferdige turbinar i Vats- og Yrkefjorden før utsleping til Nordsjøen.
10. juni vedtok formannskapet i Vindafjord å sende reguleringsplanen, utarbeidd av Norconsult for AF Gruppen, ut på høyring. Etter velkomsthelsing frå ordførar Ole Johan Vierdal, informerte einingsleiar for areal og forvaltning, Thomas Vestbø, om planen, historikken og vegen vidare.
— Det er viktig å kome med skriftlege innspel. Så langt har me berre fått tre, sa Vestbø.
Fleire talarar oppmoda folk til å sende høyringsinnspel innan fristen 10. september. Vestbø peika på at planen har både positive og negative sider, og at det til slutt er eit politisk val om AF får gjennomføre.
1.000 arbeidsplassar
AF stilte med tre representantar: plassjef John Roger Midtun, teknisk rådgjevar Eirik Lind Hånes og commercial manager Olav Ubøe. Det var Lind Hånes som heldt presentasjonen.
— Me ser auka behov for både havvind og hamnekapasitet. Difor ønskjer me desse endringane, sa han.
Han kalla havvind ei framtidsnæring og viste til klare signal frå myndigheitene om at det må satsast. Vats er ifølgje AF godt eigna fordi området er skjerma, har djup fjord, gode marine forhold og kan handtere alle typar fundament.
Med full drift kan det bli rundt 1.000 arbeidsplassar i Vats. På spørsmål om talet, svarte Lind Hånes at det minste scenarioet er rundt 500. Han understreka at anleggsfasen ikkje startar før dei har konkrete prosjekt.
Frå Norconsult møtte Morten Lippestad og Christian Trendar. Lippestad gjekk gjennom reguleringsplanen, både fordelar og ulemper. Han nemnde sprenging, utfylling i sjø, og konsekvensar for natur, landskap og fiskeri. To naturområde vil heilt eller delvis gå tapt. Samstundes understreka han at AF må følgje strenge reglar og ha god dialog med myndigheiter og lokalsamfunn.
Stor frustrasjon
I den andre halvdelen av møtet fekk folk stille spørsmål. AF måtte høyre både skepsis og kritikk frå Vats og frå Tysvær. Nabo Lars Berge Gjerde sa at AF har hatt 22 år på å vise at dei bryr seg om lokalmiljøet, og han var ikkje imponert.
— Vatsbuen har vore altfor passive for det som skjer her i dag, sa Berge Gjerde og oppmoda folk til å bli igjen etter møtet for å snakke om vegen vidare.
Bjørghild Lunde frå Vats Grendalag og FAU spurde om trafikkbiletet. Svaret frå AF var at trafikken truleg ikkje blir verre enn i dag. Ein annan frå salen spurde ordførar Ole Johan Vierdal kvifor han ønskjer vindmøller i Vats når han har det i Vikebygd, med referanse til Windafjord Port sine plananar på Dommersnes. Ordføraren svarte at det ikkje står vindmøller der heller i dag, og at begge satsingane er avhengige av konkrete prosjekt og marknaden.
Frå Tysvær, som var godt representerte i salen, kom kritikken endå hardare. Eli Margrete Stølsvik frå Yrkje Bygdalag heldt eit lengre innlegg om konsekvensane for Yrkjefjorden. AF avviste skuldingar frå fleire og meinte fjorden ikkje blir øydelagd av dei.
— Me har vore på møte, men aldri i reell dialog, sa ein oppgitt fiskar, Kai Espen Hersdal.
Lind Hånes svarte at innspel frå møta er tatt med i planen, sjølv om dei ikkje er samde i alt. AF prøvde i utgangspunktet å få vedtatt ein reguleringsplan i Tysvær kommune òg, men dette blei stoppa politisk. Fleire lokalpolitikarar derifrå, blant anna kommunestyrereprentant John Eirik Flengstad (INP), uttrykte sterk skepsis. AF understreka at konsekvensutgreiingane òg omfattar Tysvær-sida.
Fly forbanna
Etter møtet heldt diskusjonane fram rundt omkring i bygdahuset. Ekteparet Lill Eva og Leif Dale er blant naboane til miljøbasen og kan sjå rett bort dit. Dei ser helst at det ikkje blir noko av planane.
— Vindmøller vil øydeleggje heile utsikta vår, sa Leif.
Dei er skeptiske til lydmålingane som blei viste på møtet. Å flytte er ikkje aktuelt for ekteparet, som viser til at dei kom før basen. For dei er det ein irritasjon over dagens verksemd som no ballar på seg til dette prosjektet. Dei har ingen tiltru til AF.
— Eg blir så forbanna, sa Leif.
Morten Lippestad i Norconsult synest møtet var litt som forventa, gitt at det er eit type prosjekt som skapar mykje lokalt engasjement. Han synest det kom mange fornuftige innspel som dei må ta med i planlegginga.
— Lokal kunnskap er viktig. Me ønskjer best mogleg kunnskap, sa Lippestad.