Frode S. Robberstad er styreleiar i Sparebankstiftinga Etne, som har spelt inn eit alternativ til kommunen si løysing for Skakkesenteret. Teiepliktserklæringane dei bad om, har skapt sterke reaksjonar.Fotomontasje: Grannar
Skakke-saka
Tause avtalepunkt og strid i Skakke-saka
Eit krav om teieplikt frå Sparebankstiftinga Etne har ført til uro i Etne idrettslag og avhopp frå stifting og generalforsamling. No står mykje på spel i kampen om eigarskapen til idrettshallen i Skakkesenteret – den mest verdifulle delen av det omstridde anlegget.
Som Grannar tidlegare har skrive, kallar Etne idrettslag no inn til ekstraordinært årsmøte 20. august. Der skal laget ta stilling til kven dei vil stå saman med i dragkampen om eigarskapen til idrettshallen på Skakke: Etne kommune – eller Sparebankstiftinga Etne?
Striden har allereie vart i langt over eitt år, og frontane er steile. Konflikten handlar om både pengar, makt og tillit – og ikkje minst om kven som skal ha kontrollen over det mest inntektsgjevande bygget i Skakke, nemleg idrettshallen.
Kommunen vs. stiftinga