Tysvær
Døgnkvileplass for tungtransport opna
Frå onsdag er dei elektriske ladestasjonane for tunge køyretøy i drift i Aksdal næringspark. Frå før er det fyllestasjonar for bensin/diesel. Døgnkvileplassen har også toalett- og dusjfasilitetar som sjåførane kan nytte.
Alt dette vil betyr betre arbeidsvilkår for sjåførane, sikrare køyring og trafikk og mindre utslepp frå bilane.
Høgtideleg opning
— Dette er den første døgnkvileplassen på Haugalandet og ein av dei største i landet, sa statssekretær i samferdselsdepartementet Tom Kalsås (A) i talen sin då han klipte snora.