Johannes Handeland er Statens Vegvesen sin prosjektleiar for Gul stripe» mellom Ølen og Etne.Foto: Arkivfoto
Johannes Handeland er Statens Vegvesen sin prosjektleiar for Gul stripe» mellom Ølen og Etne.

Håpar på oppstart tidleg neste år

Oppgradering av vegstrekninga E134 Ølen-Mørkeli ser endeleg ut til å bli ein realitet og går alt etter planen kan dei første gravemaskinane setja grabben i jorda utpå nyåret.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er ein gledens dag. Det er på høg tid at det skjer noko. Nå blir det ein kjempebra veg over Fikse, seier ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune og gler seg over at utbetringa av vegstrekninga Mørkeli-Ølen snart kan starta.

Han får støtte av Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne kommune som også jublar over at alt endeleg er i boks.

— Dette er me godt nøgd med. Det vil bli ein trygg og god kvardagsveg, seier Mette Heidi.

Mørkeli til Fatland-krysset

Mellom Tveit i Ølen og Mørkeli i Etne blir det lagt opp til forsterka midtoppmerking, utbetring av horisontal og vertikalprofil, sideterreng, siktsoner, busshaldeplassar og utbetring av Hiksdalskrysset. Dette utgjer omlag 7,5 kilometer veg. I tillegg til det opphavlege prosjektet er strekninga utvida på Ølen-sida og vil nå enda opp i Fatland-krysset.

— Me fekk vedtatt reguleringsplanen før sommarferien og nyleg fekk me styringsramma godkjent. Prosjektet har blitt litt større og me har fått inn 1,4 kilometer og kjem til å starta ved Fatland-krysset, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens Vegvesen.

Totalt vil heile prosjektet få ei kostnadsramme på rundt 380 millionar kroner. Det inkluderer midlar som er brukt til reguleringsplan, prosjektering, teikning og grunnerverv. Største delen av finansieringa er det staten som tek seg av. 225 millionar er statlege midlar, medan 155 millionar skal dekkast av bompengar.

Arbeidet med strekninga er venta å ta 2,5 år, og går alt etter planen vil det ikkje by på dei heilt store utfordringane for trafikantane.

— Det vil bli veldig lite heilstengt veg, men til tider vil det bli lysregulering, og det kan bli korte periodar med stenging når me skal sprenga, seier Handeland.

Om arbeidet vil starta i ein ende eller om det vil bli spreidd over fleire punkt samstundes er ikkje avgjort.

— Det er opp til entreprenøren kor dei vil starta, seier Handeland.

Mørkeli-Etne

Utgangspunktet har det vore snakk om å oppgradera vegstrekninga heilt frå Gjerde i Etne til Ølen, der prosjektet skulle delast opp i delstrekningar, Tveit-Mørkeli og Mørkeli-Gjerde. Mellom Mørkeli og Gjerde blir det lagt opp til å etablere gul stipe og utbetring av sideterreng og siktsoner. Men den siste delen frå Mørkeli til Gjerde ser ikkje ut til å bli dratt i gang med det første. Her står det mellom anna igjen å få ei avklaring med tanke på standard.

— Mørkeli-Gjerde ligg i Haugalandspakken som prioritert prosjekt med 110 millionar kroner, men framleis trengst det litt avklaringar før ein kan koma i gang, seier Bergsvåg-Ekrheim.

Powered by Labrador CMS