Sport
Haraldseid aktuell
Kristoffer Haraldseid er aktuell som sportssjef i FK Haugesund. Konkurransen er hard då det minst er to tidlegare FKH-profilar som òg er aktuelle.
Dei andre to er Alexander Søderlund (38) og Rune Lothe (54). Det er Haugesunds Avis som skriv dette tirsdag ettermiddag.
Kristoffer Haraldseid (31) er opphavleg frå Nedre Vats. Med 68 aldersbestemte landskampar er han ein av dei i landet som har flest av det slaget. Med så mange kampar viser det at han må ha spela så og seia alle landskampane som var i åra frå han var 16 til 21 år.
Han hadde ei fin klubbkarriere kor han ung gjekk til FK Haugesund og spelte i fleire av dei beste åra dei hadde i Eliteserien. Blant anna var han ein viktig spelar på laget som tok bronsemedalje i 2013.
Han blei kjøpt av Molde i 2019, og der blei han både serie- og cupmeister før ein skade tvinga han til å leggja fotballskoa på hylla i ein alder av 29 år.
Han bur nå med kone og barn i Haugesund, og han er no student, spelarutviklar i SK Haugar og styremedlem i FK Haugesund.