Bilde av prosjektleiar Frode Lykkebø saman med fleire frå prosjektgruppa som inspiserar ei vellykka første salve.
Foto: Karoline Rage/Statens vegvesen
I gang med E134-tunnel
Måndag trykte ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang kommune på utløysarknappen som markerte starten for drivinga av den nye Røldalstunnelen. Den 12,4 kilometer lange eittløpstunnelen på E134 skal bli den fjerde lengste tunnelen i Noreg.
— I dag kan me endeleg feire at me er eit steg nærare å gjere fjellovergangen E134 til ein tryggare transportåre mellom aust og vest, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i ei pressemelding måndag.
Vegprosjektet skal gjere fjellovergangen E134 til ein meir føreseieleg reiseveg året rundt, og fjernar også 1.000 høgdemeter på strekninga.
Krevjande arbeid