Laga jentefotball-fest
Fredag arrangerte Vindafjord IL jentefotballkveld for Fjordar-jenter mellom 12 og 14 år. Heile 45 jenter var med på trening og kampar leia av fem FK Haugesund-spelarar.
— Det var topp innsats og kjempegod stemning på kunstgraset i Vikedal frå klokka 18 til 21. Den raske evalueringa frå spelarane etterpå var at neste gong måtte det vare lenger, skriv Liv Kjersti Hustveit i eit Facebook-innlegg.
Dottera hennar, FKH-kaptein Kristine Hustveit Nybru, var blant spelarane som tok turen til heimbygda. Dei andre var etnebuen Solfrid Hetleflåt Bråthen, Emilie Kvalvågnes Guddal, Frida Kvale Aursland og Kristina Svandal. Vindafjord IL fekk til samlinga gjennom støtte frå Sparebanken Norge si satsing Jenter vil mer.
— Det er fantastisk kjekt å sjå at Fjordar-bygdene har så mange ivrige fotballjenter, skriv Hustveit.
Fjordar fotball er eit samarbeid om ungdoms- og seniorfotball mellom Vindafjord IL, SK Vats, Skjoldar IL og Vikebygd IL. Dei brukar dei ulike bygdene til treningar og kampar.
For FKH-spelarane var besøket i Vikedal starten på det som blei ei svært fin helg. Søndag slo dei AaFK Fortuna på heimebane og tok over tabelltoppen i 1. divisjon. Dei tre laga øvst på tabellen ved sesongslutt rykker opp til Toppserien. Etter 16 av 22 serierundar har FK Haugesund sju poeng ned til Åsane på fjerdeplassen. Med andre ord vil dei vere sikra opprykk uavhengig av andre resultat dersom dei vinn fire av sine seks siste kampar.