Skjold skule har eit kostnadsanslag på 4 millionar i vedlikehald innan ti år.. FOTO: MULTICONSULT/VINDAFJORD KOMMUNE
Skjold skule er ein av to skular kor det er SFO-tilbod i skuleferiane.

Barnehage- og SFO-tilbod kan bli kutta

Publisert Sist oppdatert

Oppvekst og kultur utgjer totalt 31,3 prosent av Vindafjord kommune sine bruttoutgifter. I forslaget til budsjett for 2026 og økonomiplan for 2026–2029 lanserte kommunedirektør Yngve Folven Bergesen ei rekkje innsparingstiltak i sektoren. Desse vil spare kommunen for 2,03 millionar kroner i 2026 og 3,95 millionar i 2027.

I tillegg til dei konkrete innsparingane foreslår han å starte ein prosess der ein ser på strukturen for skular og barnehagar frå skuleåret 2028/2029 for å klare å spare inn 20 millionar.

Hardt for dei det treff

250.000 i 2026 og 500.000 i 2027 av dei foreslåtte innsparingane kjem frå avvikling av ferietilbod SFO. Ferie-SFO er eit frivillig tilbod i Vindafjord kommune som blir organisert i skuleferiane. Full feriepakke i SFO er to veker i august før skulestart (med unntak av to planleggingsdagar), fem dagar i haustferien, frå skuleslutt til og med 23. desember (romjula er stengt), fem dagar i vinterferien, tre dagar i påskeveka, og frå skuleslutt og ut juni månad. Tilbodet blir gjennomført ved to skular, Ølen og Skjold, og bemanna med totalt ni fagarbeidarar, fordelt med 4,5 årsverk ved kvar skule.

Driftskostnadene for ferie-SFO er i hovudsak knytte til løn for fagarbeidarane i ferieperioden. Ved ei eventuell nedlegging av tilbodet vil kommunen kunne oppnå innsparing tilsvarande lønskostnaden for ni fagarbeidarar i halvannan månad. Samstundes må ein ta høgde for at det også kjem inntekter frå foreldrebetaling, som per i dag gjeld om lag 40 barn. Netto innsparing vil difor vere differansen mellom lønskostnadene og inntektene frå brukarbetaling.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen presenterte sitt budsjettforslag tysdag.

I forslaget skriv kommunedirektøren at det er viktig å merke seg at ferie-SFO ikkje er ei lovpålagd teneste. Kommunen har difor ikkje plikt til å tilby dette, og det står kommunen fritt til å vurdere om tenesta skal vidareførast eller avviklast ut frå økonomiske prioriteringar og behov.

Ei nedlegging av ferie-SFO vil kunne bidra til å redusere driftskostnadene i sektoren, og bør ifølgje Folven Bergesen vurderast som eit tiltak i arbeidet med å balansere budsjettet.

— Dette kuttet gjeld ikkje så mange, men det er hardt for dei det gjeld, sa kommunedirektøren under presentasjonen.

Enklare å bemanne

Ei reduksjon av opningstida i SFO vil gi ei innsparing på 100.000 i 2026 og 200.000 i 2027. Forslaget går ut på å redusere opningstida i skulefritidsordninga med éin time per dag. Reduksjonen vil gi innsparing i lønsutgifter og ein viss kostnadsreduksjon per elev.

For redusert opningstid i barnehagane blir det budsjettert med sparte utgifter på 290.000 i 2026 og 700.000 i 2027. Endringa i driftstid medfører ifølgje kommunedirektøren i utgangspunktet ingen direkte innsparing, då ressursfordelinga knytt til bemanning held seg uendra. Likevel vil ein oppnå tettare bemanning i opningstida, noko han trur kan bidra til betre kvalitet i tenesta. Det er også potensial for reduserte kostnader til vikarbruk og overtid, ettersom det blir færre timar å drifte totalt sett.

I dei minste barnehagane har det vore nødvendig å bemanne ut over bemanningsnorma for å sikre forsvarleg drift gjennom heile opningstida. Folven Bergesen skriv at ved kortare opningstid kan denne ekstra ressursen fjernast, noko som kan gi ei konkret innsparing. Dette kan utgjere om lag ein stilling.

Innsparinga vil òg, gjennom lågare utgifter til barnehage, gi noko lågare tilskot til private barnehagar. Denne effekten kjem i tillegg, og er ikkje innarbeidd i økonomiplanen kommunedirektøren har foreslått.

Fordeling mellom skulane

Den største foreslåtte innsparinga er avvikling av velkomstklassen i Ølen. Det vil spare kommunen 840.000 i 2026 og to millionar i 2027. Av 3,5 stillingar blir 1,5 stilling foreslått vidareført og fordelt fleirspråkleg på skulane ut frå elevtal. Folven Bergesen skriv at alternativt kan det vurderast å behalde éi fast stilling ved Ølen skule.

Tiltaket vil medføre innsparing i lønsutgifter tilsvarande ved avvikling av to stillingar. Ved nedtrekk vil også 10 prosent ressurs knytt til inspektørstilling som i dag har ansvar for velkomstklassa bli spart inn, samt ein del skyssutgifter.

I budsjettet for 2025 blei det lagt inn 100.000 til tilskot til rusførebygging knytt til rusfrie tiltak/arrangement retta inn mot ungdom og ein styrking av tilskotspotten til frivillige lag og organisasjonar på 450.000. Kommunedirektøren foreslår å ta ut igjen desse tilskotspotane for å møte krava til innsparing som kommunestyret har lagt inn.

Powered by Labrador CMS