Skodespelarane Odin Waage, Andrea Berntzen, Terje Strømdahl, Bjørn Sundquist og regissør Daniel Fahre før utandørsvisninga av den norske filmen på Oscarsborg festning i Drøbaksundet.
Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Blücher» årets mest sette film – etter berre to veker
Nesten 200.000 kinogjengarar har sett krigsfilmen Blücher» på to veker. Dermed passerer filmen Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.
Nesten 200.000 kinogjengarar har sett krigsfilmen Blücher» på to veker. Dermed passerer filmen Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.
Totalt er det selt 197.212 billettar til Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som vart senka i Drøbaksundet 9. april. Filmen hadde premiere på norske kinoar 26. september og stod for den best besøkte premierehelga for ein norsk film sidan 2021.
– Då vi starta dette prosjektet for mange år sidan, var det fordi historia verkeleg trefte meg. Å sjå at ho no engasjerer så enormt så lenge etterpå er verkeleg sterkt, seier regissør Daniel Fahre i ei pressemelding frå filmskaparane sjølve.