I dag blir Verdsdagen for psykisk helse markert. Tal frå STAMI viser at 39 prosent av norske yrkesaktive har psykiske plager, og at 19 prosent av desse oppgir at plagene er arbeidsrelaterte.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Ein av fem psykiske plager er jobbrelaterte
Undersøkingar viser at arbeidsmiljøet har svært mykje å seia for både trivsel, helse og arbeidsevne. Psykiske plager og sjukdommar er samstundes av dei vanlegaste årsakene til sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
I dag blir Verdsdagen for psykisk helse markert. Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at 39 prosent av norske yrkesaktive har psykiske plager, og at 19 prosent av desse oppgir at plagene er arbeidsrelaterte.
Arbeidslivet speler dermed ei sentral rolle både i å fremja psykisk helse og i å førebyggja psykiske plager, skriv STAMI på nettstaden
sin .