Ølen omsorgssenter ligg ann til å bruke 5,4 millionar meir enn budsjettert i 2024. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ølen omsorgssenter.

Manglar 10 av 12 stillingar på sjukeheim

Ølen omsorgssenter manglar faste tilsette til 10 av 12 nattestillingar. Det uroar dei folkevalde sterkt.

Publisert Sist oppdatert

— Dette er ikkje normalt på landsbasis, dette er sjokkerande, sa Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) om tala frå Ølen omsorgssenter under eit formannskapsmøte tysdag.

Mangelen på rekruttering og det høge fråværet innan helse- og omsorgssektoren har gjort det naudsynt med både overtid, forskyving av vakter og leige av vikarar frå byrå. Slik sikrar dei forsvarleg bemanning. Dette bidreg til at sektoren står for 21 av dei nesten 26 millionar kronene Vindafjord kommune ligg an til å få i meirforbruk i 2026, ifølgje prognosen i 2. tertialrapport.

Krevjande over tid

Helsesituasjonen var eit hovudtema då tertialrapporten vart debbatert. Klette Steinsland viste til at sjukefråværet har gått ned i alle andre sektorar enn helse og omsorg, der det har auka frå 6,8 til 9,7 prosent. Ho peikte òg på at sektoren har fått over 20 nye stillingar.

— Det tolkar eg ikkje som at dei har fått mindre effektiv drift, men at dei har fått endå meir å gjere, sa Klette Steinsland.

Særleg uroa er ho for at institusjonane slit med vakansar og fråvær, noko som har vart lenge. Ho meiner dette handlar om langvarig slitasje, som ho fryktar tømmer både arbeidsmiljø og motivasjon hos leiarar og tilsette som står nærast tenestene.

Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista t.v.) ser alvorleg på situasjonen på Ølen omsorgssenter. Her med med Anne Cecilie Berentsen (Sp).

Klette Steinsland spurde om administrasjonen i perioden har sett i verk ekstraordinære tiltak for konkret hjelp og støtte til dei som står i dei mest krevjande situasjonane, kva effekt desse eventuelt har hatt, og om det finst ein plan vidare.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen starta med å poengtere at han kanskje er meir bekymra enn Klette Steinsland for tala frå Ølen omsorgssenter. Berre økonomisk er innleige av vikarbyrå tre gonger dyrare enn å ha ein fast tilsett.

— Me har gjort ein del knytt til endringar i turnus, sa Folven Bergesen.

Dårleg for alle

Vidare fortalde kommunedirektøren at kontrollutvalet snart får ein rapport frå Rogaland Revisjon. Der har eit konsulentselskap sett på kompetanse, korleis ho blir brukt, og korleis kommunen er organisert. Rapporten vil truleg gi kommunestyret meir kunnskap. Folven Bergesen gav ordet til kommunalsjef for helse, Sigurd Gjerdevik, som orienterte vidare.

— Den kortsiktige løysinga med vikarbyrå er dårleg for vår del, medarbeidarane som får nye kollegaer heile vegen, og eg trur òg det er dårleg for brukarane at det er så stor utskifting på personalet, sa Gjerdevik.

Eit anna tiltak er såkalla stjernevakter, der eigne tilsette kan ta ekstra vakter mot eit tillegg i løna. Slik nyttar kommunen eigne ressursar i staden for innleige, men Gjerdevik understreka at dette ofte er folk i full jobb som tek noko ekstra. Det kan gjere belastninga endå større når bemanninga er knapp.

Kommunalsjef for helse, Sigurd Gjerdevik, fortalde om ein pressa sektor.

Utfordringane med rekruttering merkast på dei som jobbar i sektoren, òg dei som driv med rekruttering. Kommunalsjefen fortalde at dei no i større grad prøver å aktivere både HR- og kommunikasjonsavdelinga for å få til betre utlysningar som når endå vidare ut.

Også gode historiar

Kommunalsjef Ingebjørg Rullestad for organisasjon fortalde korleis kommunen jobbar med rekruttering. Ho sa at situasjonen svingar mellom institusjonane – no er det Ølen omsorgssenter som slit mest. Blant det dei gjer for at folk skal få augo opp for høvet til å jobbe i helsesektoren, er at kommunikasjonsrådgivar Kristine Thorsen Eikeland skriv saker til kommunen si nettside der ein får bli kjent med folk og kvardagen på arbeidsplassar.

Leon Dyngeland (KrF) lurte på om kommunen snakkar med dei som sluttar, for å finne ut kvifor dei gjer det. Det bekrefta Folven Bergesen, og forklarte at grunnane varierer mykje.

— Mitt inntrykk er at det er langt fleire gladhistoriar enn negative historiar, sa Dyngeland om helsesektoren.

På nedsida trekte han fram at mange tilsette må inn i eit rigid system med vaktplanar som ikkje nødvendigvis passar deira livssituasjon, med arbeid på netter og i helger. Han spurde kor mogleg det er for leiarar å tilpasse arbeidssituasjonen til dei enkelte tilsette i helse. Kommunedirektøren understreka at dei er avhengige av å ha folk på vakt til ei kvar tid. Han fortalde at kommunen tidlegare hadde sjukepleiarar som berre gjekk dagvakter, men at dei måtte slutte med det på grunn av låg bemanning. Det gjer det vanskeleg å vere fleksible.

Leon Dyngeland (KrF) undra seg om meir tilpassa arbeidstider kan gjere det meir attraktivt å jobbe i helse- og omsorgssektoren.
Powered by Labrador CMS