Advokat Bjørn Inge Waage. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Advokat Bjørn Inge Waage.

Meiner det er grunnlag for anke

Dommen etter rettsaka mellom tidlegare brannsjef i Etne kommune og kommunen gav i hovudsak siger til kommunen. Etter å ha lest dommen frå Haugaland og Sunnhordland tingrett meiner brannsjefen sin advokat at det er grunnlag for anke.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare brannsjef i Etne kommune gjekk til sak mot Etne kommune etter å ha blitt omplassert frå stillinga som brannsjef til rådgjevar. Brannsjefen blei tilsett i ei 50 prosent stilling frå 2022 til 2023, før han gjekk over i ei 100 prosent stilling i kommunen. Stillinga var ein kombinasjon av brannsjef og rådgjevar, med 50 prosent i kvar stilling. I 2024 blei det fatta eit vedtak om at brannsjefen midlertidig skulle omplasserast til rådgjevar, noko som innebar at han blei fråtatt den operative vakttenetsa og mista vakttilegget.

Brannsjefen meinte omplasseringa var urettmessig og sendte i desember 2024 søksmålsvarsel til kommunen. Han meinte også at han hadde vore utsett for gjengjelding etter tidlegare varsling.

Kommunen på side meinte omplasseringa ikkje var ugyldig og at den låg innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett. Kommunen meinte også at den midlertidige omplasseringa ikkje hadde samanheng med avviksmeldingane og at det ikkje førelåg grunnlag for erstatning for økonomiske tap.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS