NYTT LIV I LÅVEN: Den første utstillinga lokka 1300 besøkande – og dronninga. Inngangen til galleriet er til venstre for låvebua. I motsett ende ligg kurs- og selskapslokalet. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
NYTT LIV I LÅVEN: Den første utstillinga lokka 1300 besøkande – og dronninga. Inngangen til galleriet er til venstre for låvebua. I motsett ende ligg kurs- og selskapslokalet.
På avstand ser han ut som ein vanleg låve. Kjem du nærare, dukkar det opp overraskingar. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
På avstand ser han ut som ein vanleg låve. Kjem du nærare, dukkar det opp overraskingar.
Taket er løfta maks for å gje optimale lysforhold og rom til kunsten. Sjølv om alt her inne er nytt, er forma ein tru kopi av den gamle låven. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Taket er løfta maks for å gje optimale lysforhold og rom til kunsten. Sjølv om alt her inne er nytt, er forma ein tru kopi av den gamle låven.
Gørill Guddal flytta heim etter å ha vore byjente i 12 år. – Eg er blitt så glad i bygda att. Det er så mykje kreativitet over alt; folk borar og støyper og byggjer og sprengjer for å skape noko overalt. Her er det folk som vil ting, seier ho. Foto: Privat
Gørill Guddal flytta heim etter å ha vore byjente i 12 år. – Eg er blitt så glad i bygda att. Det er så mykje kreativitet over alt; folk borar og støyper og byggjer og sprengjer for å skape noko overalt. Her er det folk som vil ting, seier ho.
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul.
Sjølv om galleriet held ope frå påske og først stengjer i september, er det knapt noko tidspunkt på dagen det ikkje er kundar innom. I tillegg har ho ope ei tid før jul. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Sjølv om galleriet held ope frå påske og først stengjer i september, er det knapt noko tidspunkt på dagen det ikkje er kundar innom. I tillegg har ho ope ei tid før jul.
Glaskunst av Ulla-Mari Brantenberg og bilete av Tore Hansen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Glaskunst av Ulla-Mari Brantenberg og bilete av Tore Hansen.
Den vesle løa nedst på tunet har vevutstilling i sommar. Det kvite vestlandshuset bak er kafé. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Den vesle løa nedst på tunet har vevutstilling i sommar. Det kvite vestlandshuset bak er kafé.
Det kvite vestlandshuset er flytta opp frå Rosendal og gjort om til kafé. Den raude hytta i bakgrunnen var i si tid utleigehytte, men tener i dag som kårhus. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Det kvite vestlandshuset er flytta opp frå Rosendal og gjort om til kafé. Den raude hytta i bakgrunnen var i si tid utleigehytte, men tener i dag som kårhus.
Det er skrive ut mange gjestebøker sidan opninga i 2014. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Det er skrive ut mange gjestebøker sidan opninga i 2014.
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul.
Glaskunst av Ulla-Mari Brantenberg. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Glaskunst av Ulla-Mari Brantenberg.
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Galleriet har også butikkdel med kunst og brukskunst. Det er ope frå påske til september og ei tid før jul.
Parkeringsplassen er stor. På det travlaste står det likevel bilar langsmed heile vegen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Parkeringsplassen er stor. På det travlaste står det likevel bilar langsmed heile vegen.
Neste år overfører Gøril Guddal drifta av garden til sonen, og tilsett ein dagleg leiar av galleriet. Ho blir buande og jobbande på tunet, og ser fram til at dei blir fire generasjonar på garden. Foto: Privat
Neste år overfører Gøril Guddal drifta av garden til sonen, og tilsett ein dagleg leiar av galleriet. Ho blir buande og jobbande på tunet, og ser fram til at dei blir fire generasjonar på garden.

Nytt liv i låven: Frå kyr til millionkunst

Etter at skrapesjuka tømde fjøsen for dyr, sat Gøril med ein tom låve og ein vill idé. No heng arbeida til dei største samtidskunstnarane i landet mellom stolpane der sauene stod.

Publisert Sist oppdatert

– Altså, det eksploderte jo med ein gong. Det strøymde til med folk; både fordi det var gode kunstnarar, men truleg også det eksotiske i at nokon hadde laga eit så stort galleri i ein låve oppi ein pitte liten dal.

Gøril Guddal (64) ler framleis litt overvelda når ho fortel om våren 2014, då ho opna galleri på heimgarden i Guddal i Kvinnherad kommune. Ho hadde invitert Harald Stanghelle til å stå for den formelle innviinga og utstillingsopninga denne maidagen. Han hadde sjølvaste laurdagsrevyen med på slep.

– Utstillinga var med Håkon Gullvåg, Ørnulf Opdal og Hariton Pushwagner, og like etter kom dronning Sonja på besøk. Då var det vel rundt 1300 menneske som strøymde til her og parkerte langsmed vegane rundt om i heile dalen. Eg fekk heilt sjokk!

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS