Ønskjer å gjere tidenes største investering
— Det er ikkje noko reelt alternativ å ikkje gjere denne investeringa. Ho skal både gi oss meir kapasitet, betre arbeidsforhold for tilsette og moglegheiter til å løysa fleire oppgåver på ein god måte med færre ressursar, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i ei pressemelding i forkant av presentasjonen.
Vindafjord kommune har i dag to omsorgssenter: Vindafjordtunet i Vats og Ølen omsorgssenter. Ein rapport frå konsulentselskapet Agenda Kaupang anbefalte å gå ned til ein institusjon, og i førre budsjett gav kommunestyret administrasjonen klarsignal til å starte arbeidet mot å gjere dette.
I rapporten frå Agenda Kaupang blei det peikt på som ei moglegheit å samle alle omsorgsplassar på Vindafjordtunet og leggje om desse plassane i Ølen til bemanna bustadar. Ei arbeidsgruppe for omstillinga i helse i Vindafjord konkluderte tidlegare i år med at det ikkje er formålstenleg å gjere dette grepet no.
Stor satsing
Bygginga eller ombygginga av eit omsorgssenter blir Vindafjord kommune si største enkeltinvestering i historia. Folven Bergesen er tydeleg på at framtidas største utfordring ligg i eldreomsorga.
— Difor satsar Vindafjord på dette feltet, ved å byggja kapasitet no, seier kommunedirektøren.
Minst like viktig er å leggja til rette for at fleire eldre kan bu heime lenger.
— Me må også leggja til rette for at fleire kan bu heime lenger, med gode og trygge tenester rundt seg. Då må me både satse på velferdsteknologi og på førebygging, seier kommunedirektøren.
Bakgrunnen for det store behovet i eldreomsorga er dei store demografiendringane som pregar Vindafjord og resten av landet. Talet på eldre aukar raskt, medan delen av befolkninga i yrkesaktiv alder går ned. Det betyr fleire som treng omsorg, og færre hender til å levera tenestene.
— Me risikerer å gå tom for folk før me går tom for pengar. Dette er ei av dei største utfordringane som me må ta på alvor, seier Folven Bergesen.
Samstundes er utviklinga ein drivkraft til å tenkja nytt, modernisera tenestene og til å byggja meir berekraftige løysingar for framtida.
Omstilling
Det overordna biletet i kommunedirektøren sitt forslag er at Vindafjord står midt i ei nødvendig omstilling, der både økonomi, behov for rekruttering og demografi krev nye grep.
— Me er midt i ein nødvendig prosess som har vore varsla dei siste budsjetta. Målet er å sikra vidare kontroll på økonomien og samstundes levera gode tenester til innbyggjarane, seier Folven Bergesen.
Han meiner at ein må løfte blikket, og poengterer at det ikkje berre handlar om dei næraste åra, men også om å ta val som gjer Vindafjord rusta for 2035 og 2040.
Store investeringar innan omsorg må balanserast mot innsparing og tilpassing på andre område. Blant anna skal pleie og omsorg skal effektiviserast med minst 5 millionar kroner samanlikna med dagens budsjettal når nytt eller ombygd omsorgssenter står ferdig.
Vil ha tak i folk
Eit sentralt tema i budsjettet er tilgangen på arbeidskraft. Kommunestyret har vedteke ein eigen strategi, og i 2026 er det sett av midlar til lokale rekrutteringstiltak, vidareutdanning og kompetanseheving. Målet er at Vindafjord skal vera ein attraktiv arbeidsgivar, med sterke fagmiljø og stabil bemanning.
— Arbeidskraft og økonomi er dei to hovudtema som har vore førande for dette budsjettarbeidet, seier kommunedirektøren.
Mangelen på rekruttering og det høge fråværet innan helse- og omsorgssektoren har gjort det naudsynt med både overtid, forskyving av vakter og leige av vikarar frå byrå. Slik sikrar dei forsvarleg bemanning. Dette bidreg til at sektoren står for 21 av dei nesten 26 millionar kronene Vindafjord kommune ligg an til å få i meirforbruk i 2026, ifølgje prognosen i 2. tertialrapport.
Når budsjettet frå kommunedirektøren på vegner av administrasjonen er lagt fram, er det politikarane som tar over ansvaret. Kommunestyret skal behandla budsjettframlegget i formannskap, råd og utval utover i november, før endeleg vedtak i desember.
Innbyggjarane blir inviterte til å følgja prosessen og kome med innspel gjennom høyringsinnspel.