Sport
Skal evaluere FKH
Anette Matre frå AutoStore er ein av fem personar som skal vera med i ei uavhengig gruppe som skal evaluere FK Haugesund. Gruppa til Matre skal stå for ei organisatorisk og kulturell evaluering, medan Norsk Toppfotball (NTF) skal vurdere den sportslege delen.
Dette opplyser FK Haugesund på si nettside.
I tillegg til Anette Matre frå AutoStore består gruppa som skal stå for den organisatoriske og kulturelle evalueringa av Knut Terje Fagerland frå Deloitte, Carina Ringen frå Seam, Knut Arne Askeland frå Haugesund kommune og Sigurd Eikje frå Tysvær kommune. Eikje er talsperson for gruppa.
AutoStore har vore ein samarbeidspartnar for FKH sidan 2023. Dei er draktpartnar og sørgjer for treningsleir for kvinnelaget. Denne leiaren har fått namnet Camp AutoStore.
Ærleg blikk på seg sjølv
I august kunngjorde FK Haugesund at klubben ville gjennomføra ei grundig og uavhengig evaluering av heile organisasjonen. Sidan den gong har styret og leiinga i klubben arbeidd med å definera mål, forventningar og rammer for prosessen – og med å finna dei rette personane til å leia arbeidet. No er dei i gang.
Evalueringa skal ifølgje klubben sjølv bidra til læring, utvikling og auka tillit – både internt og eksternt. Målet er å forstå korleis klubben kan bli sterkare som organisasjon, korleis me samarbeider og kommuniserer, og korleis me best mogleg legg til rette for gode sportslege prestasjonar i framtida.
— Dette handlar om å ta eit ærleg blikk på oss sjølve, slik me lova i august. Me gjer dette fordi me bryr oss om klubben og fordi me ønskjer å byggja eit tryggare og sterkare fellesskap, seier styreleiar Leiv Helge Kaldheim.
Krevjande på og utanfor bana
Etter ein lengre periode med gode resultat har dei to siste åra vore ein nedtur for FKH sitt herrelag. I 2007 kom klubben til sin første cupfinale før det blei opprykk i 2009. FK Haugesund sin beste tabellplassering kom då dei tok bronse i 2013, og i 2019 spelte dei cupfinale igjen. Sidan har klubben hamna i ein utfordrande situasjon, og i 2024 måtte dei spele kvalifiseringskamp for å unngå nedrykk.
På ein klar sisteplass med seks poeng på 24 kampar er det berre ein teoretisk moglegheit (FKH må vinne alle sine siste seks kampar, Bryne tape sine, og FKH ta inn 36 plussmål i målforskjell) for at det ikkje skal bli nedrykk i år. FK Haugesund er den klubben som har vore fjerde lengst i Eliteserien sidan førre opprykk av dagens 16 klubbar.
Samtidig med den sportslege nedgangen for herrelaget har den økonomiske situasjonen blitt krevjande. Klubben hamna i raud sone i Norges Fotballforbund si økonomiske rangering i september 2024, før dei kom seg opp i grøn sone i september i år. Klubben sitt driftsselskap FK Haugesund AS gjekk med over 20 millionar i underskot i 2024.
Alt har likevel ikkje vore mørkt for FKH i 2025. Kvinnelaget deira toppar 1. divisjon og sikra oppykket til Toppserien i førre kamp.
To spor
FKH si evaluering blir delt i to hovuddelar. Den sportslege delen blir gjennomført av NTF, som skal sjå nærare på klubbens sportslege strategi, resultatutvikling, spelarlogistikk og rekrutteringsstrategi, samt utviklinga i klubbens akademi.
Den organisatoriske og kulturelle evalueringa blir leia av ein eigen, uavhengig komité med brei erfaring frå leiing, organisasjonsutvikling, kommunikasjon og offentleg forvaltning. Komiteen skal sjå på klubben sin kultur, administrativ drift, samt intern og ekstern kommunikasjon – og bidra til å identifisera tiltak som kan styrkja samhandling, openheit og tillit.
— Me ønskjer eit ærleg og konstruktivt utanfrå-blikk på korleis klubben fungerer. Dette er ikkje ein jakt på feil, men eit felles løft for å skapa betre føresetnader for utvikling og prestasjon i heile organisasjonen, seier styreleiar Kaldheim.
På eiga nettside blir det understreka at for klubben har det avgjerande at evalueringa blir gjennomført av eit uavhengig team – utan tilknyting til klubbens daglege drift, tidlegare roller eller personlege bindingar. FKH skriv at eit utanfrå-blikk gir naudsynt avstand, truverd og objektivitet, og bidreg til at prosessen blir prega av tillit og openheit. Målet er å få fram ærlege vurderingar, også om tema som kan vera krevjande, slik at klubben kan læra og utvikla seg på eit solid grunnlag.
— Tung kompetanse
Gruppa av Anette Matre frå AutoStore, Knut Terje Fagerland frå Deloitte, Carina Ringen frå Seam, Knut Arne Askeland frå Haugesund kommune og Sigurd Eikje frå Tysvær kommune representerer ifølgje FKH saman tung kompetanse innan analyse og verksemdsstyring, organisasjonsutvikling, kulturbygging, innovasjon, kommunikasjon og leiing.
Denne samansetjinga skal sikra eit heilskapleg og uavhengig perspektiv på klubben si verksemd, med mål om å styrkja både struktur og samhandling på tvers av heile organisasjonen. Gruppa vil i løpet av hausten gjennomføra intervju og henta inn informasjon frå ulike delar av klubben. Deretter vil det bli utarbeidd ein rapport med konkrete tilrådingar til styret.
— Målet er å bidra til ein open, ærleg og konstruktiv prosess som styrkjer klubben for framtida. Felles for oss alle i komiteen er at me kjenner på kor viktig FKH er for heile regionen – både som klubb og som merkevare. Det er ei spanande oppgåve me har teke på oss, og me har eit genuint ønskje om å hjelpa FK Haugesund til å bli endå betre rusta for dei neste åra, seier Eikje.