På Sørlandet hadde dei aller fleste sparte pengane på noregspris i september.
Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Straumprisindeksen: Skyhøge septemberprisar gjorde noregspris lønnsamt i sør
Sør-Noreg fekk i september sine høgaste straumrekningar sidan straumpriskrisa. Hushald her kunne dermed spart rundt 250 kroner på noregspris i september.
Det viser Fornybar Norges straumprisindeks.
I Nord-Noreg ville hushald med gjennomsnittleg straumforbruk ha måtta betale over 460 kroner meir for straumen med noregspris. I Midt-Noreg ville dei ha betalt nesten 250 kroner meir.