Frå ulykkesstaden.
FOTO: PRIVAT
Tre bilar involvert i ulykke
Ei politipatrulje kom tilfeldig over eit trafikkuhell ved Ilsvåg. Tre bilar skal vere involverte, sju personar totalt. Alle personane skal vere ute av bilane, det er ukjent om det er personskadar. Dette skriv opdragsleiar Tore Kjerland Bøe i Sør-Vest Politidistrikt i politiloggen klokka 16.34.
17.14 skriv Bøe at alle personane er sjekka av helsepersonell på staden, og det er ikkje behov for vidare oppfølging. Bilbergar er bestilt, og det blir manuelt dirigert på staden. Eitt felt er ope for trafikk.