Vaflar og kaffi fekk praten i gang: — Folk er meir nysgjerrige
Fredag fyltest Etne senter av vaffellukt, smil og gode samtalar då Mental Helse Etne og Vindafjord og Etne kommune markerte verdsdagen for psykisk helse med stand, kaffi og vaflar.
Kundar på Etne senter møtt av herleg vaffellukt fredag – og kunne få gratis vaflar og kaffi i anledning verdsdagen for psykisk helse.
— Eg synst folk opnar seg meir opp når dei får ein kaffikopp og vaflar i handa, seier Karianne Taraldsøy, som stod på stand og representerte Mental Helse Etne og Vindafjord.
Mental Helse Etne og Vindafjord deltok saman med representantar frå Arbeid og aktivitet i Etne kommune. Det var både fredag og haustferie, noko som gjorde at mange tok turen innom senteret – og innom standen deira.