Ølen kulturhus er ein viktig samlingsplass i bygda. Her frå eit folkemøte.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vil kjøpe kulturhus
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslår at Vindafjord kommune skal kjøpe Ølen kulturhus. Med kjøpet trur han forholda ligg endå betre til rette for at kommunen kan utvikla det viktige området i kommunesenteret.
— Gjennom overtaking av eigedommen vil Vindafjord kommune kunne få til ei heilskapleg utvikling av området som inkluderer Sjøperlo og Revehalltomta», skriv kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i ei saksutgreiing til eit formannskapsmøte tysdag 14. oktober.
Han innstiller til eit to-punkts vedtak:
- Vindafjord kommune kjøper eigedommen Dreganesvegen 40, GNR/BNR 281/26 for inntil 2.600.000 kroner. Finansiering blir innanfor løyvde rammer til kommunale bygg og uteanlegg. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre kjøpet.
- Salet er endeleg, og det heftar ingen vidare rettar i eigedommen frå Ølen Kulturhus SA.