Arild Stenberg er storførnøgd med batteripakken har har fått installert, og som lagrar straumen han har produsert med solcellene han har på taket. Foto: Grethe Hopland Ravn
Arild Stenberg er storførnøgd med batteripakken har har fått installert, og som lagrar straumen han har produsert med solcellene han har på taket.
Via ein app på mobilen kan Stenberg følgja med på både produksjon og forbruk.
Via ein app på mobilen kan Stenberg følgja med på både produksjon og forbruk.
På veggen ved batteripakken heng også displayet som viser produksjonen og lagringa av straum.
På veggen ved batteripakken heng også displayet som viser produksjonen og lagringa av straum.

Arild har tatt straumrekninga i eigne hender

På garasjetaket og hustaket til Arild Stenberg i Etne skin sola ikkje berre til glede for plantane i hagen. Ho ladar også opp eit Jaguar-batteri som står trygt i garasjen, og som gjer at familien kan bruka sin eigen solkraft også etter at sola har gått ned. — Regjeringa burde støtta folk til å produsera sin eigen straum, seier Stenberg.

Publisert Sist oppdatert

Arild Stenberg har funne ei eiga løysing på straumkrisa. Med 30 solcellepanel og eit resirkulert Jaguar-bilbatteri lagrar han no straumen han sjølv produserer, og han meiner det er her nøkkelen til eit grønt, berekraftig og smart straumsystem ligg.

— Her ser du batteriet, seier Stenberg og peikar mot den store metallboksen.

Han kan opplysa at det er eit gammalt elbilbatteri frå ein Jaguar. Han synest det er litt stas, sidan Jaguar og Land Rover er same firma.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS