Vellukka integreringsdag
Torsdag 30. oktober arrangerte elevane i 2. og 3.klasse studiespesialisering integreringsdag saman med deltakarane ved vaksenopplæringa i Vindafjord.
Elevane hadde førebudd språkkafé og aktivitetar som blanda deltakarar og elevar i ulike grupper. Resultatet vart mange gode samtalar mellom alle involverte og det er fantastisk at møte med ukjende kan vere så givande.
Dagen byrja med at nokre elevar frå 1. klasse var nede på Sjøperlo og møtte deltakarane. Me ynskte alle velkomne og følgde dei opp i kantina på Ølen VGS. Der vart det servert kaffi, te, kakao og noko å bite i. Elevane i 2. klasse tok over og hadde språkkafé. Gruppene fekk òg prøve seg på ein språkleg aktivitet ved å finne setningar rundt om på huset, som dei skulle hugse og skrive.
Andreklassingane Jennie G. Tjelmeland, Signe Rullestad, Ine Hansen Lysne og Marie Rafdal Lauritsen var spente på korleis det skulle bli å møta deltakarane ved vaksenopplæringa. Det var lettare å kommunisere enn dei hadde trudd og dei syntes alle inviterte var svært interesserte og motiverte. Om det dukka opp språklege utfordringar brukte ein båe kroppsspråk og teikn for å forstå kvarandre, seier andreklassingane.