Avgjorde med storsiger i siste serierunde
Etne og Ølen enda på same poengsum i årets 5. divisjon. Eit par plussmål i Etne sin favør vart til slutt skildnaden på laga. Siste runde vart ein thriller.
Både Etne og Ølen hadde heimekamp i den siste runden, høvesvis mot Solid/Stord 2 og Skjold/Stegaberg. Kampane gjekk samstundes, og Ølen leia kampen om tredjeplassen med fire plussmål før runden.
Etne med best start
Det første målet i dei to kampane kom i Ølen, men i feil ende av banen. Skjold/Stegaberg tok leiinga 0-1 etter ei skåring av Endre Sternhoff Miljeteig. Ein kalddusj for Ølen som forverra seg då det kom melding om at Åsmund Norheim hadde sendt Etne i føringa mot Solid/Stord 2. Etne heldt fram med å skåra mål, og det stod 4-1 til pause, etter at Ytrenes og 2 x Lien kom på skåringslista.