Coop og kundane deira samla inn 16,7 millionar kroner til Rosa sløyfe-aksjonen i år. 4,9 millionar kroner kom frå auka sal av frukt og grønt. Foto: Coop
Coop og kundane deira samla inn 16,7 millionar kroner til Rosa sløyfe-aksjonen i år. 4,9 millionar kroner kom frå auka sal av frukt og grønt.

Coop og kundane samla inn rekordbeløp til brystkreftsaka

Coop og kundane deira samla inn 16,7 millionar kroner til Rosa sløyfe-aksjonen i år. Det er det høgaste beløpet Coop nokon gong har bidrege med.

Publisert Sist oppdatert

Coop og kundane deira samla inn 16,7 millionar kroner til Rosa sløyfe-aksjonen i år. Det er det høgaste beløpet Coop nokon gong har bidrege med.

– Dette er rett og slett fantastisk, og eg er skikkeleg imponert over engasjementet der ute. Kundane, medlemmene og ikkje minst alle medarbeidarar i butikkane rundt om i landet som har pynta og farga butikkane rosa og engasjert seg i brystkreftsaka. Saman har vi samla inn eit stort beløp til livsviktig forsking og støtte til brystkreftramma, seier Philipp Engedal, administrerande direktør i Coop Norge, i ei pressemelding.

Kundane har støtta aksjonen på fleire måtar. 6,8 millionar kroner kom frå sal av donasjonsvarer, inkludert over 41.000 Rosa sløyfer. 4,7 millionar kroner vart samla inn gjennom sal av vask- og hygieneprodukt frå Orkla Home and Personal Care. 4,9 millionar kroner kom frå auka sal av frukt og grønt – med ein total volumvekst på heile 4,7 prosent.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS