Det einslege Skånevik-skiltet på denne tavla får snart selskap av både Husnes, ferje og hotell.
Skånevik-krysset, E134.

Dei 11 millionane går ikkje til Skånevik-krysset likevel

Kommunestyret i Etne ønskte at restmidlane frå bompengeprosjektet i Stordalstunnelen skulle brukast til utbetring av Skånevik-krysset. No er det klart at pengane ikkje går dit. Statens vegvesen har lagt alternativet bort.

Publisert Sist oppdatert

Etne kommunestyre vedtok i februar 2024 at dei ønskte å spela inn eit forslag om å bruka restmidlane frå bompengeinnkrevjinga på E134 Stordalstunnelen til å byggja eit avkøyringsfelt i Skånevik-krysset. Det var meint som eit tryggingstiltak etter fleire ulykker.

Men Statens vegvesen har no bestemt at Skånevik-krysset ikkje får pengar.
— Ingenting av beløpet vil gå til Skånevik-krysset. Det alternativet er lagt heilt bort, seier Johannes Handeland, som er prosjektleiar for plan og utbygging vest i Statens vegvesen.

Handeland fortel at Vegvesenet har hatt fleire samarbeidsmøte med ordførar og administrasjonen i Etne kommune for å bli einige om bruken av dei 11 millionane kronene som stod igjen etter at bompengeinnkrevjinga var avslutta.
— Kommunestyret kan koma med innspel til kva dei ønskjer at pengane skal gå til, men har ikkje mandat til å bestemma. Det er tiltaka før omklassifisering som har førsterett til midlane. I tillegg vil det også gå fleire millionar kroner til omklassifisering frå europaveg til kommunal- og fylkesveg, og er det meir pengar igjen etterpå vil dette gå til utbetring av busslomma som ligg ved sidan av Fugl Fønix i Etne sentrum, seier Handeland.

Johannes Handeland,Prosjektleiar plan og utbygging vest 2 i Statens vegvesen.

Ville betra Skånevik-krysset

I møtet 20. februar 2024 gjorde Etne kommunestyre eit vedtak med 14 mot 3 røyster. Kommunestyret slo fast at Etne kommune i prinsippet er heilt einige i at restmidlar frå avslutta bompengeinnkrevjing skal nyttast i det området der midlane er innkravde. Samtidig stilte kommunen fleire spørsmål til det vegstrekket Statens vegvesen hadde føreslått at pengane skulle brukast på, nemleg Nordheimsstranda.

Kommunen peikte på at strekninga på Nordheimsstranda er ein del av kommunedelplanen for prosjektet Bakka–Solheim, eit prosjekt som enno ikkje er detaljregulert. I vedtaket bad kommunen om avklaring på om Statens vegvesen er sikker på at traseen kjem til å bli nøyaktig tilpassa den kommande reguleringsplanen. Kommunen uttrykte òg tru på at den kommande Nasjonal transportplan vil utløysa planmidlar og på sikt gi oppstart av bygginga av prosjektet Bakka–Solheim.

Kryss med fleire ulykker

Vidare stilte kommunen spørsmål om desse 400 metrane vil krevja eigen reguleringsplan eller dispensasjon, og om ein kan vera trygg på at dette faktisk er den mest føremålstenlege bruken av restmidlane. Etne kommune viste til at kommunedelplanen legg opp til tunnel både før og etter den aktuelle strekninga, og at bygging av vegen mellom desse punkta kan leggja føringar for framtidig reguleringsplan og seinare bygging.

Når det er sagt, understreka kommunen at det sjølvsagt er behov for kvar ei utbetring ein kan få av den livsfarlege strekninga på Nordheimsstranda. Samtidig ønskte Etne kommune å spela inn eit alternativ: at restmidlane heller burde nyttast til å byggja eit avkøyringsfelt i krysset mellom E134 og fylkesveg 548 til Skånevik. Kommunen viste til at dette krysset har forårsaka fleire alvorlege ulykker, og at det lokalt har kome mange innspel om at det både er plass til – og eit ønske om avkøyringsfelt når ein køyrer austover frå Etne og skal ta av til Skånevik. Eit slikt tiltak, skreiv kommunen, kunne gjennomførast med dispensasjon eller ved ei mindre endring av gjeldande reguleringsplan.

Vegvesenet prioriterer andre tiltak

I brev til kommunen 16. januar 2024 skriv Statens vegvesen at innkrevjinga av bompengar på E134 Stordalstunnelen starta i november 2014 og blei avslutta i januar 2021. Ved avslutninga blei overskytande midlar på 11 millionar kroner overført frå bompengeselskapet til Statens vegvesen.

Vegvesenet tilrådde at midlane blir brukte til breiddeutviding av ei strekning på i underkant av 400 meter på E134 ved Nordheimsstranda.
I brevet står det at breidda på vegen der er smal og gjer møte mellom tyngre køyretøy vanskeleg. Tiltaket skal gi betre framkome og trafikktryggleik for trafikantane.

Dette skjer

Ifølgje Johannes Handeland blei Vegvesenet og Etne kommune einige om at midlane skal fordelast på andre tiltak.
— Vegvesenet anbefalte tiltak på Nordheimsstranda. Kommunen ønskte utbetring av Skånevik-krysset. For å bli einige om tiltak blei det arrangert nokre møter mellom kommunen og Vegvesenet. I desse møta landa ein på at me skulle utbetre busslomma ved Skarabakken. Det blei også klart undervegs i prosessen at ein del av restmidlane måtte brukast på å utbetra gamle E134 i Stordalen før omklassifisering til kommunal- og fylkesveg. Dette arbeidet er i gang nå, og arbeidet med busslomma skal også straks begynna, seier Handeland.

Busstoppet ved Skarabakken.

Bakgrunn

Restmidlane kjem frå bompengeprosjektet E134 Stordalstunnelen. Vegdirektoratet sine retningslinjer seier at overskytande midlar som gjeld riksveg, skal stillast til rådvelde for Statens vegvesen, som i samråd med vedkommande kommunar og fylkeskommune skal bruka midlane til vegformål i området der bompengane blei innkravde.

Etne kommune fekk dermed anledning til å spela inn sine ønske, men Statens vegvesen har det avgjerande ordet i kva pengane skal brukast til.

Powered by Labrador CMS