Mor og dotter Gudny Økland og Rita Steinsland fann seg mykje fint i julebutikken på Gnisten i fjor.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Sjå kva som skjer i Etne og Vindafjord dei neste dagane
Frå open dag på Gnisten og filmkveld i Skjold til foredrag, strikkekafé og song i kyrkja – det blir ei veke med mange arrangement i både Etne og Vindafjord.
Torsdag 20. november blir det open dag på Gnisten frå klokka 10 til 17. Her blir det julebutikk med handlaga gåver, kafé med mat og drikke, og felles songstund klokka 12.
Gjennom heile året jobbar dei ulike avdelingane ved Gnisten med å produsere julevarene som no skal seljast. Arbeidet krev både tid og kreativitet, og resultatet er eit stort utval handlaga produkt – alt frå pynt og lys til trearbeid og tekstil. Les om open dag på Gnisten i fjor.
Kultur, kino og føredrag
Onsdag 19. november kjem Elin Tvedt til Nesheimstunet i Ølensvåg med foredraget Sårbar styrke. Ho deler erfaringar om korleis utfordringar og motgang kan vendast til styrke. Foredraget startar klokka 20, og billettar blir selt via medvind24.no.