Emma (22) held føredrag som rører unge over heile landet
Ho starta ei open russegruppe for alle og fann ut at ho slett ikkje var åleine. I dag reiser Emma Bjelland Ingebrigtsen (22) landet rundt for å snakka om relasjonar, inkludering og psykisk helse.
Emma Bjelland Ingebrigtsen (22) frå Ølensvåg har halde over 200 føredrag, jobbar som samarbeidsleiar i organisasjonen Gleding og har hatt ein podkast som ei tid låg på topplista. Samstundes tar ho bachelor i psykologi, og er utdanna og sertifisert mentaltrenar.
Fekk pris frå Nobels Fredssenter
Allereie som 19-åring blei Emma tildelt pris frå Nobels Fredssenter for sitt arbeid med dialog og inkludering. Det var etter at ho skreiv ein artikkel i Grannar om presset i russetida at ballen verkeleg byrja å rulla. Saka fekk stor merksemd, og Emma blei intervjua i NRK og deltok i debatten på TV 2. I etterkant fekk ho spørsmål om å halda føredrag på ein ungdomsskule.