Den fossile mygglarva skal likne mykje på moderne artar – kanskje som denne.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK
Fann 99 millionar år gammal mygglarve
Larven liknar veldig på moderne artar og er annleis enn alle andre fossile funn av mygg.
Den eldste kjende mygglarven i verda er funnen i ein klump rav, skriv nettstaden forskning.no.
Fossilet stammar frå krittida og kjem frå nord i Myanmar.
Den nyoppdaga mygglarven blir beskriven som ein ny art og har fått namnet Cretosabethes primaevus.