Kristina Monsen og Renate Selland Ramsvik er klare for å feira 50-års jubileum for Etne turn med turnfest på søndag. Foto: Grethe Hopland Ravn
Kristina Monsen og Renate Selland Ramsvik er klare for å feira 50-års jubileum for Etne turn med turnfest på søndag.

Fest, framtid og fulle tribunar – Etne turn slår på stortromma

På søndag brakar det laus i idrettshallen på Skakke. Etne turn sin tradisjonsrike førjulsfest går av stabelen – større, høgare og meir fargerik enn nokon gong. Rundt 200 turnarar skal fylla hallen, og i år er det ikkje berre juleshow. Det er bursdag! Ein ekte 50-åring skal feirast.

Publisert Sist oppdatert

Juleshowet til Etne turn er eit av dei arrangementa som får bygda til å samla seg litt tettare. Publikum strøymer til, stolrader blir utvida, og alle veit at dette er dagen då idrettshallen blir arena for fullskala show, høgt volum, full innsats, og ikkje minst rungande applaus. I år får festen eit ekstra lag med glitter, for turngruppa markerer 50 år i sving. Dagen blir dermed ei blanding av framtidsblikk og tilbakeblikk, med musikk og dans som spenner frå 1975 til dags dato, og visjonar innover i framtida.

— Folk må komma og sjå denne fantastiske gjengen, seier nestleiar Renate Selland Ramsvik, som sjølv har vore trenar i over 20 år.

Kristina Monsen og Renate Selland Ramsvik er klare for å feira 50-års jubileum for Etne turn med turnfest på søndag.

200 tolkar framtida»

Årets raude tråd er framtida», og i Etne turn betyr det kreativ fridom. Kvar trenar og kvar gruppe har tolka temaet på sin måte, og fantasien har sleppt heilt laus. Her kan publikum få alt frå teknologiske draumar til ville visjonar og humoristiske framtidsbilete. Samtidig blir jubileet heidra med eit lite historisk sveip – musikk, uttrykk og stil frå 1975 og framover. Det blir ei reise både fram og tilbake i tid, og akkurat det er ein del av sjarmen.

Etne turn blei starta av Aslaug Mala i 1975, og var då eit reinspikka danselag. Først rundt tusenårsskiftet kom trampetten og tumlinga inn, takka vere eit par engasjerte eldsjeler som jobba hardt for å skaffa utstyr. Trampet er turn og hopp ved hjelp av trampolinar, og tumbling er både salto, flikk-flakk, og håvekråka» på lange matter i salen, for dei som lurte på det. Sidan 1975 har laget vakse, forma seg og funne sin eigen stil – ein miks av dans, turn og leik som har fengsla både etnebuar og vindafjordingar fleire tiår.

Renate og styremedlem Kristina Monsen har stått midt i denne utviklinga i nær to tiår. Begge understrekar kva som driv dei vidare: Det er å vera saman med dei unge, hjelpa dei fram til meistring, god sjølvkjensle og ikkje minst glede i turnsporten.
— Når ungane får til noko nytt, lyser dei opp. Det er det som er kjernen, seier Selland Ramsvik.

Over 200 unge turnarar, dansarar og tumblerar tok spotlyset med stor entusiasme framføre ein fullsett hall under det tradisjonsrike juleshowet til turngruppa i Etne IL i 2018.

Tribunar av pallar

Fulle tribunar er nesten ein garanti, og for å få plass til alle, blir det bygd store tribunar av rundt 300 pallar – eit imponerande stykke ingeniørkunst som har blitt ein tradisjon i seg sjølv.

Her dukkar namnet til ein heilt spesiell dugnadshelt opp: Tor-Erik Gravelsæter. Han har frakta pallane på dugnad i over ti år – heilt frå han var 16 år, med fersk traktorsertifikat i handa. Han stiller like trufast opp kvart einaste år.

Kostymefest for absolutt alle

Takka vere sponsormidlar får alle gruppene kostyme i år. Det er første gong heile laget kan gå all in», og det gjer noko med stemninga. Nokre har sydd, andre har kjøpt, fleire har leita djupt i skap og kjellar – og resultatet blir ein salig miks av glans, fargar og framtidsunivers i alle fasettar.

— Det er alltid spennande å sjå alt med kostyme og lys på showdagen, for det er første gong ein viser fram kostyma sine. Til og med på generalprøven blir kostyma spart, for å halda på dei forskjellige overraskingane så lenge som mogleg, seier Kristina Monsen.

Powered by Labrador CMS