Frå sløyden til suksessverkstad
Frå sløyden på barneskulen til eigen verkstad med fem millionar i omsetnad – børsemakar Albert Rafdal har gjort interessa for våpen om til levebrød. I dag kjem kundane til Stordalen frå heile landet for å få hjelp.
I Stordalen i Etne held børsemakar Albert Rafdal til. Han og kollegaen Sverre Søvik Halleland reparerer for det meste våpen, og gjer ombygging og skifte av løp og skjefter – men innimellom byggjer dei heilt nye også.
— Me er ganske allmennpraktiserande her. Me tar gjerne i ting som andre ikkje vil ta i, og ikkje to dagar er like, seier Rafdal, medan han ser over eit våpen på benken.
Stor interesse for jakt