Gir firbeinte betre liv
Kari Bødtker frå Bjoa har bytta ut lastebilen med laser og vasstredemølle. I dag driv ho sin eigen klinikk for fysioterapi og rehabilitering av hund og katt ved Karmsund Dyrehospital.
Klokka er tolv på dagen, og dyreterapeut Kari Bødtker tar imot dagens første kunde – ein liten chihuahua med ein hofteskade som er operert. Mini får massasje og laserbehandling, før turen går i vasstredemølla for styrketrening.
— Me merkar så stor forskjell etter at me begynte her. Nå går me turar, og han hoppar og sprett. Slik var det ikkje før, seier eigar Gunn Anita Jagtvik.
Etter Mini kjem malamuttblandinga Amok inn for behandling. Han har gått til behandling i over eitt år, og er blitt veldig glad i å gå på vasstredemeølla. Han har hoftedysplasi som han fekk mykje plager av. Nå er han mykje betre og sterkare.