Dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening (t.h.) har hatt eit godt samarbeid med kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og administrasjonen hans i Vindafjord kommune. Her saman med blant andre Espen Nordtveit i Endra under markeringa av føste spadetak på HIM Toraneset.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Næringsliv
Håpar neste kommunedirektør følgjer opp
Dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening og dagleg leiar Kari Aakra i Medvind 24 Næringshage har berre gode ord å seie om innsatsen til avtroppande kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i Vindafjord kommune. Dei håpar at den neste kommunedirektøren held oppe trykket for næringslivet.
— Eg har hatt eit veldig godt samarbeid med han og Vindafjord kommune den korte tida eg har vore her. Eg ønskjer han lukke til hos Elden. Det blir spennande å sjå kven som tek over, seier Magelssen.
Tysdag blei det klart at Yngve Folven Bergesen har sagt opp som kommunedirektør i Vindafjord og skal bli advokatfullmektig i Advokatfirmaet Elden, ved kontoret i Haugesund. Han sluttar i kommunen 1. mars 2026.
Frampå og tilgjengelege