Har bygd seg opp på stein
Frå garden i Skjold har Magnar Fjeldheim bygd opp bedrifta Skjold Singel og Stein, som leverer naturstein og singel til prosjekt over heile landet. No ser han nye moglegheiter for vidare utvikling.
Bedrifta blei etablert i 2018, og Magnar Fjeldheim har sidan drive både med gardsdrift saman med kona Marit Rimestad og med steinproduksjon.
Han fortel at det var litt tilfeldig at han starta med Skjold Singel og Stein.
– Eg heldt på med eit dyrkingsprosjekt der eg skulle dyrka opp jord for å få noko meir areal til grisen. Så var det ein som bad om stein til ein sykkelsti han skulle bygge. Det var litt tilfeldigheiter som gjorde at eg plutseleg var i gang og selde stein til han. Så då var eg i gang, seier Fjeldheim.