980 behandlarar prøver ut verktøyet i heile Helse Vest. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
980 behandlarar prøver ut verktøyet i heile Helse Vest.

Helse Vest testar KI-verktøy for å hindre legeflukt

Helse Vest er i gang med den største utprøvinga av eit KI-verktøy i heile sjukehus-Noreg, der 980 behandlarar testar ut systemet Tale til samandrag» som skal lette journalføringa for legar.

Publisert Sist oppdatert

Verktøyet tek opp samtalar mellom helsepersonell og pasientar, og foreslår eit utkast til journalnotat som behandlaren så kvalitetssikrar, skriv NRK.

Bianca Fiorentino Slotfeldt er lege i spesialisering på Stavanger universitetssjukehus. Ho systemet er revolusjonerande og meiner det kan hindre legeflukt frå sjukehusa. Ho opplever at ho får meir tid til andre viktige oppgåver i legerolla.

– Det er revolusjonerande. Eg stressar mindre, bruker meir tid med pasientane og har tid til å jobbe med utdanninga mi, seier Fiorentino Slotfeldt til NRK.

Ho anslår at ho sparer fleire timar kvar arbeidsdag på journalføring, noko som gjer at ho slepp å jobbe overtid for å få skrive ferdig notata.

– Viss eg kan referere til legeflukt. Vi blir utbrent, men nå har eg energi til overs i livet og det har vore eit stort problem.

KI-ekspert Tom Ryen ved Universitetet i Stavanger meiner dette er ein god måte å bruke kunstig intelligens på, men åtvarar om at enkelte pasientar kan bli meir reserverte når dei veit at samtalen blir tatt opp.

Verktøyet blei tatt i bruk i september og skal prøvast ut fram til sommaren.

(NPK)

Powered by Labrador CMS