I mål med omfattande oppgradering
Krafteventyret i Etne-fjellet går over hundre år tilbake i tid og starta med Litledalen kraftverk i 1920 og Hardeland kraftverk tretti år seinare. I dag er vasskraftproduksjonen utvida med tre flunkande nye kraftverk.
Året er 1916. Haugesund kommune ved byggeleiar Halfdan Greve set i gang bygging av eit kraftverk i Litledalen i Etne, der målet er å produsera elektrisk kraft til både lokal industri og samfunnet elles. Kraftverket skal nytta eit fall på rundt 130 meter mellom reguleringsmagasinet i Hårlandsvatnet og Litledalsvatnet, og etter fire års byggetid står Litledalen kraftverk ferdig. Dei første åra ligg gjennomsnittleg årsproduksjon på rundt 27GWh og etter oppgraderingar i 1963 og 1985 blir gjennomsnittleg årsproduksjon auka til rundt 65 GWh.
Vasskraftressursane i Etne-fjella er store og behovet for elektrisk kraft aukande, og i år 1950 står eit nytt kraftverksbygg med to kraftverk under same tak ferdig, samla kalla Hardeland kraftverk. Det eine kraftverket skal utnytta eit fall på rundt 400 meter frå Løkjelsvatnet til Hålandsvatnet, medan det andre nyttar fallet frå Hjørnåsvatnet til Hårlandsvatnet. Samla produksjon er gjennomsnittleg rundt 150 GWH årleg. Samla årleg energiproduksjon i vassdraget var då rundt 220 GWh.
Etter mange års drift ved dei tre kraftverka melde behovet for oppgradering seg. Men i staden for å berre satsa på utbetring av dei to eksisterande kraftverka bestemte eigar Sunnhordland Kraftlag (SKL) å byggja eit heilt nytt kraftanlegg med ny vassveg og ny kraftstasjon.