Inviterer til stormøte om bonden og biogassbransjen
Vindafjord-bønder og andre interesserte frå Haugalandet kan 18. november møtast i Tysværtunet kulturhus for fagmøtet Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde?».
Det melder Rogaland Landbrukspark i ei pressemelding. Møtet er for heile Haugalandet, og tar opp spørsmål mange bønder lurer på før dei vurderer levering til biogassanlegg.
Tema som blir tatt opp, er mellom anna:
Kva blir bondens økonomi ved å levera gjødsel til biogassanlegg, og kva tilpassingar trengst på garden?
Blir lukta frå anlegga ei pest og ei plage?
Kva utfordringar har biogassanlegga, og korleis kan dei løysast?
Korleis påverkar nytt gjødselregelverk både bonden og bransjen?
På Haugalandet har tre biogassinitiativ fått støtte frå Enova: Vireo på Karmøy, Havila i Tysvær og Biovind i Vindafjord.
Biogassproduksjon har ei lang verdikjede der landbruket er ein viktig del, og god økonomi i alle ledd er avgjerande, opplyser fagpersonar frå Norsk Landbruksrådgivning (NLR), som legg fram arbeid om bondens økonomi i ulike scenario.
Hindre uheldig lukt er eit anna sentralt tema. Line Blytt frå Norwaste gir fagleg oppdatert kunnskap om korleis anlegga kan handtere lukt, samtidig som god kommunikasjon med naboane blir framheva som viktig. Reinhard Lund-Mikkelson frå Vireo bidreg med vurderingar frå industrien, medan Nono Dimby frå Statsforvaltaren i Rogaland gir innsikt i korleis nytt gjødselregelverk kan påverke både bønder og biogassbransjen.
— Det blir sofaprat» om erfaringar og refleksjonar med bøndene Torleif Stople og Jon Qvale i samtale med bondelagsleiar Ståle Hustoft, skriv Rogaland Landbrukspark i pressemeldinga.
Fagmøtet rettar seg mot landbruket, forvalting, rådgiving, næringsliv, politikarar og andre som er engasjerte i biogass. Det er ein del av eit felles næringsutviklingsprosjekt med Klepp, Karmøy, Tysvær, Vindafjord, Hå, Time og Stavanger, finansiert av Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland.