Wenche S. Lilleland (Ap, f.v.), Guri Ravatn (SV), Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) og Tormod Sandsgård (Vindafjordlista) såg på då kommunedirektør Yngve Folven Bergesen la fram sitt budsjettforslag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Wenche S. Lilleland (Ap, f.v.), Guri Ravatn (SV), Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) og Tormod Sandsgård (Vindafjordlista) såg på då kommunedirektør Yngve Folven Bergesen la fram sitt budsjettforslag.

Klare for tøffe tak

Etter at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen la fram sitt forslag, er det no opp til lokalpolitikarane å bestemme endelege budsjett og økonomiplanar for Vindafjord. Dei første reaksjonane tyder på at arbeidet blir krevjande.

Publisert Sist oppdatert

— Her ser det ut som me nok ein gong får eit administrativt forslag som ikkje følgjer det politiske vedtaket om skule- og barnehagebruksplan, seier gruppeleiar Anna Klette Steinsland i Vindafjordlista rett etter kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt framlegg til budsjett for 2026 og økonomiplan for 2026–2029 tysdag.

I mai 2022 vedtok eit fleirtal i kommunestyret ein skule- og barnehagebruksplan som slo fast at det skal vere ni grunnskular i Vindafjord. To og eit halvt år seinare foreslo kommunedirektøren å leggje ned skulen på Bjoa og skulen og barnehagen i Imsland frå hausten 2025. Dette blei vedteke i kommunestyret.

No foreslår Folven Bergesen å starte ein prosess med strukturelle endringar i barnehage- og skulesektoren frå skule- og barnehageåret 2028/29.

Enorme behov

Klette Steinsland seier at dei kjem til å fremje andre forslag enn kommunedirektøren sitt. Ho var ein av mange politikarar som møtte opp på rådhuset for å følgje framlegget. Ein annan var gruppeleiar Jan Idar Haugen i Sp.

— Presentasjonen hadde lite om korleis me skal redusere bruken av vikarbyrå. Det bekymrar meg litt, seier Haugen.

Vikarbruk er ein sentral del av forklaringa på at kommunen ifølgje prognosane i 2. tertialrapport går mot eit meirforbruk på 26 millionar kroner. Det overordna inntrykket til Haugen etter framlegget er at kommunen har enorme investeringsbehov. Spurt om Folven Bergesen sitt forslag om å byggje eit nytt omsorgssenter eller gjere ein stor ombygging, er han tydeleg på at dagens drift på feltet ikkje er berekraftig.

Temaet skulestruktur understrekar han at er lagt fram som alternativ eit stykke fram i tid. Når det gjeld kommunedirektøren sitt innspel om at ein annan alternativ enn store kutt er å finne nye inntektskjelder – til dømes gjennom ein vindpark – viser Haugen til tidlegare uttale om at ein må vere villig til å utforske det.

Krevjande sak

Fungerande varaordførar Øyvind Valen (Ap) synest kommunedirektøren la fram eit greitt budsjett. Han omtalar det som vanskeleg, men noko dei visste på førehand.

— Eg er bekymra for låneopptaket, seier Valen, med vising til kostnaden på omsorgssenter.

Dette blir kommunen si største investering nokon sinne. Totalkostnaden er anslått til 800 millionar kroner, der kommunen må betale 500 millionar. Valen trur struktursaka kring skule og barnehage frå hausten 2028 blir krevjande. Han meiner vindkraft også er ei vanskeleg sak for Ap. Valen og partikollega Wenche S. Lilleland stemte kvar sin veg då spørsmålet om eit prinsipielt nei til vindkraft var oppe i kommunestyret i 2024.

Rekruttering er ei utfordring som opptar Valen, og han er glad for at det er midlar til det i budsjettforslaget. Sp, Ap og KrF utgjer fleirtalskoalisjonen og samarbeider om budsjettet. Valen seier at dei vil sjå om det går an å spare andre stader enn der kommunedirektøren foreslår.

Koalisjonen har 13 mot 12 representantar. Grunna skulesaka stemte Anne Cecilie Berentsen (Sp) mot eige parti i fjor, og koalisjonen måtte forhandle med Høgre og Frp for å få fleirtal.

Går mot strukturendring

Forutan dei gruppeleiarane Grannar snakka med rett etter presentasjonen, har resten fått tilsendt nokre spørsmål om deira reaksjonar på kommunedirektøren sitt forslag på e-post. Ut frå dei svara verkar det svært truleg at det blir ein prosess mot strukturendringar i skule og barnehage.

— Det er synd at me ikkje klarte å gjere tilstrekkelege grep då saka var oppe sist. Med færre elevar og fleire eldre er det truleg ingen veg utanom, seier Modolf Haraldseid (H).

Leon Dyngeland seier at kommunen ikkje har noko val, og peikar på demografien. Han seier at dei skjønar det krystallklare bodskapen frå kommunedirektøren om at dei er nøydde til å flytta pengar frå oppvekst til omsorg.

— 20 millionar er mykje pengar, og det svir å erkjenna at me heilt sikkert må leggja ned fleire skular i 2028. Me lever i ei tid med endringar, og me innser at me må vera endringsvillige og finna løysingar dersom me skal ha ei oppegåande kommune i framtida, seier Dyngeland.

Mats Årvik (Frp) meiner spørsmålet er når prosessen bør starte. Han poengterar at dei enno ikkje har sett konsekvensane av fjorårets strukturelle endringar, og veit ikkje kor mange skular kommunen vil ha frå neste skuleår. Vindafjord Montessoriskule AS søkjer Udir om å starte ein privatskule på Bjoa frå hausten 2026.

Guri Ravatn (SV) er meir tilbakehalden på spørsmålet om framtidas skule og barnehage. Ho seier at ingen ønskjer ein ny strukturdebatt, men at oppdaterte tal kan vise at endringar er naudsynt.

— Like viktig, og gjerne parallelt, er det å nytta den auka kompetansen og dei oppdaterte tiltaka som pedagogisk utviklingsarbeid kan gje oss, seier Ravatn.

Leon Dyngeland (t.v.), Asle Dagsland og Liv Ingunn Heie Medhaug i KrF, som skal forhandle fram eit felles budsjett med Sp og Ap.

Vil ha sjukeheimen i Ølen

Politikarane merkar seg satsinga på helse og omsorg i Folven Bergesen sitt forslag. Haraldseid synest det er tilfredsstillande å sjå at kommunedirektøren tek tak og tilpassar kommunen etter kva dei demografiske endringane krev av dei.

Han meiner investeringane er store, unike, men nødvendige. Per no seier han at det er altfor tidleg å ta stilling til kva ein skal velja når det gjeld å byggje ein ny omsorgssenter eller gjere ei større ombygging.

— Saka må utgreiast godt først, seier Haraldseid.

Spørsmålet blir tatt opp i formannskapet tysdag 4. november. Årvik, Dyngeland og Ravatn meiner ein ny, moderne sjukeheim er naudsynt. Dyngeland peikar på at det blir lite rom til andre ting:

— Me har så mange ting me gjerne skulle ha gjort i Vindafjord, men ein ny sjukeheim er det viktigaste no, og den er me heilt nøydde til å realisera, seier Dyngeland.

KrF meiner naturleg plass for denne er Ølen. Det gjer også SV, sjølv om Ravatn understrekar at det er tidleg. Dyngeland håpar at kommunen kan byggje om dagens Ølen omsorgssenter til gode og praktiske leilegheiter som kommunen kan selja eller leiga ut til eldre som vil bu enklare.

Kritisk til fritidskutt

Eit punkt i kommunedirektøren sitt forslag som får Dyngeland til å reagere, er at midlane kommunestyret sette av til styrking av frivillig arbeid blant barn og unge og til rusførebyggjande arbeid, er tekne ut med grunngjevinga at kommunen ikkje har råd. Han er overtydd om at frivillig arbeid i bygdene er særs viktig og førebyggjande.

— Det er viktig at me stimulerer til meir frivilligheit, for det vil vera heilt naudsynt i framtida. Dei som driv med frivillig arbeid, brukar mykje av fritida si, kreftene, pengane og evnene sine på dette. Eg meiner Vindafjord kommune må våga å seia at dette har ein stor verdi i lokalmiljøet vårt, seier Dyngeland.

For Årvik var kommunedirektøren sitt forslag omtrent som forventa, men han trudde på litt fleire tiltak i budsjettet for 2026. Det overraskar han stort at det stadig blir funne pengar til nye administrative stillingar, medan det må kuttast i tenester som gagnar innbyggjarane.

— Sjølv om det blir anerkjent at me går tom for folk før me går tom for pengar, er det stadig i tenestene som blir ytt direkte til innbyggjarane at det blir kutta. Strukturelle endringar i drift blir ikkje sett på, seier Årvik.

Han poengterer at om Vindafjord ikkje vil gå tom for folk, må dei framleis vere ein attraktiv kommune å bu i.

Vil ikkje setje barn opp mot vindkraft

I eit av dei foreslåtte verbalpunkta peikar Folven Bergesen på at eit alternativ til å spare 20 millionar kroner på endringar i skule- og barnehagestruktur kan vere å auke dei frie inntektene i minst same storleik. Vidare i punktet står det at ei mogleg løysing her kan vere å til dømes seie ja til eitt eller fleire vindkraftanlegg i kommunen. Årvik synest dette er ein flåsete måte å leggje det fram på.

— Det er ingen garanti for at inntektene frå vindkraft vil gå til kommunen i framtida. Dersom det er noko Arbeidarparti-regjeringa, med støtte frå Senterpartiet, har vist, er det at staten stadig tek meir av inntektene sjølv og gjer slike prosjekt endå meir risikable, seier Årvik.

Dyngeland fortel at KrF ikkje ønskjer å setje vindkraftsaka opp mot skule- og barnehagestruktur. Han seier at partiet ikkje er mot vindkraft, men ønskjer fridom til å vurdere kvart enkelt vindkraftprosjekt når dei kjem.

Dessutan trur partiet at strukturendringar i oppvekst har mykje positivt ved seg. Dyngeland listar opp gode skulemiljø for barna våre og større fagmiljø der lærarar ønskjer å jobba, som det viktigaste.

Ravatn er klokkeklar på at vindparkar ikkje er ønskte i Vindafjord. Ho synest at det blir heilt feil å setje berre oppvekst opp mot vindkraft.

— Me er ein kommune, og me må ikkje konstruera eller byggja opp konflikt mellom den yngre og eldre delen av befolkninga – og heller ikkje mellom økonomi og natur. Vern om Vakre Vindafjord», seier Ravatn.

Haraldseid synest at det har vore relativt lite politisk fokus på inntektssida til kommunen. Årsaka til det trur han kan vere at dei i utgangspunktet har hatt gode inntekter frå både næringsliv og personskatt.

— Med dei utfordringane som ligg føre, meiner eg at me må vere meir opptekne av korleis kommunen kan auke inntektene for å unngå større kutt enn naudsynt, seier Haraldseid.

Modolf Haraldseid (H) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt.
Powered by Labrador CMS