Målrikt i sesongens første heimekamp
Rundt 60 tilskodarar tok søndag ettermiddag turen til idrettshallen i Ølen for å få med seg Ølen sitt håndballag starte heimesesongen.
Ølenslaget hadde allereie to seriekampar bak seg. Først eit knepent 21–20 tap borte mot Mastra, deretter eit 28–25 tap mot Austrått/Hana. Søndag var det Tasta 2 frå Stavanger som stod på andre sida av bana.
Sterk start av Ølen
Ølen kom godt i gong. Allereie i første angrep sat ballen i mål, og defensivt stod dei tett og aggressivt. Etter tre minutt stod det 3–0. To spelmål og eit sikkert straffekast frå Alvhild Nordtveit gav publikum ein lovande start.