Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg (Sp) og Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg (Sp) og Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

Millionar til Etne og Vindafjord

Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får utbetalt over 1,4 milliardar kroner gjennom Havbruksfondet. Over 9,5 millionar av desse hamnar i Grannar-distriktet.

Publisert Sist oppdatert

– Dette betyr mykje for kysten. Gjennom Havbruksfondet sikrar vi at lokalsamfunn som stiller sjøareal til rådvelde for oppdrett for ta del i verdiskapinga. Pengane gir kommunane større handlingsrom til å investere i velferdstenester og lokal utvikling, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.

143 kommunar og åtte fylkeskommunar får sin del av utbetalingane innan kort tid. Etne kommune får 2.143.293 og Vindafjord får 7.364.388. Kva gjeld dei lokale fylka får Rogaland 14.932.527 og Vestland 58.702.656.

Havbruksfondet fordeler kommunar og fylkeskommunar sine andelar av inntektene frå oppdrettsnæringa. Havbruksfondet går inntekter frå sal av ny løyvekapasitet til oppdrett, pluss frå produksjonsavgifta på oppdrett av laks.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS