Nytt liv i gammalt bygg: — Me investerer her i bygda
Helgevold har teke eit millionløft i bygget sitt i Sandeid. Under open dag fekk bygdefolk sjå korleis bygget er forvandla til moderne kontor og hovudkontor for den framoverlente elektroverksemda.
Onsdag var det ope hus i Helgevold sine renoverte lokale i Sandeid, og mange tok turen for å sjå kva som skjuler seg på innsida. Dei besøkande fekk òg bli betre kjent med historia – frå starten i 1987 til dagens Helgevold-konsern – og høyre om korleis bedrifta har utvikla seg til ein leiande aktør innan elektro og automasjon.
Satsar i Sandeid
Frå utsida framstår bygget lyst og moderne, med store vindaugsflater som slepper inn mykje dagslys. Inne møter ein trivelege, oppgraderte lokale med ny resepsjon, mange kontor og ei stilig trapp som fører opp til 26 nye kontor i andre etasje – som blei tekne i bruk i haust.